Karoline fekk møta nissen

Har du ønskelista klar? Cola-nissen er motivert for kos rundt bålet.

Karoline fortalte nissen kva ho ønskjer seg til jul. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 09. des. 2015 14:05

Bildeserie:

Allereie frå klokka 13 var det liv rundt bålet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Nissen kjører standsmessig mens reinsdyra kviler seg til julaftan. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Allereie frå klokka 13 var det liv rundt bålet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Nissen kjører standsmessig mens reinsdyra kviler seg til julaftan. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 2
Nissen kjører standsmessig mens reinsdyra kviler seg til julaftan. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Allereie frå klokka 13 var det liv rundt bålet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

For første gong på 8-10 år er Coca Cola-nissen på besøk hos Meny i Os.

Den første han møtte var Karoline, eller Prinsesse Karoline, som ho raskt blei kalla.

– Eg ønskjer meg dukkehus, fortel Karoline til Midtsiden.

Ho hadde ikkje med seg noko ønskeliste, men nissen noterte både dukkehus og dukkeklede på lista.

Deler ut 1000 colaboksar

Med seg har nissen naturlegvis lastebilen, med fin snute og rikeleg med julelys.

Han har òg nokre hjelparar.

– Vi deler ut oppunder tusen boksar, enkelte stadar kjem vi opp i fleire tusen, fortel ein av dei gåvmilde smånissane.

Vertskapen Meny er også gåvmild, men tar nokre kroner for 10-pakningane dei i dag sel i butikken.

Nissen blir verande til i 18-tida i ettermiddag.

Lett kvelds i går

Tysdag, som i fjor og året før, tok nissen eit raskt stopp hos Er-An Veikro på Røykenes på veg frå Åsane.

– Det første året sa eg at eg var så svolten at eg sikkert kunne ete 17 medisterkaker. Linda på vegkroa serverte meg 17 medisterkaker, ler nissen.

Han meiner å hugsa at han åt 15 av dei.

– Det blei lettare kost i år, i går blei det fjellaure på meg.

Er-An Veikro hadde ifølgje eigne facebooksider smekkfull kro i går kveld.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.