Lokal | 23. sep. 2010

Kasta BH-en

BT-journalist følgde oppmodinga frå skiltet til Jimmy Øvredal.

Kasta BH-en
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 23. sep. 2010 11:44

På veg til Svinningen frå Øvredal går du blant anna forbi eit «barskap» i skogen. Ved brennevinsflaska står eit skilt med følgjande tekst:

«Ta deg ein dram for din trøytte fot! Da nøre din vilje, da styrkje ditt mot. Men rappa du flaska og teke'ne med, så bére da lekst idn i helvete».

Om dette verset fekk BT-journalisten som nyleg var på tur til Svinningen til å drikka, seier ikkje reportasjen hennar noko om, men eit anna skilt på eit tre gav god respons:

«At fjærne sin BH og Truse saavæl, naar Dagen mon liide oc stunde mod Qvæld, det er vel naturliig for alle. Men fiernær man alle Tæxtiiler ved Dag, for derved at fræmbringe Friheedsbehag, da kan naturist man seg kalde!
Vildmarkens Sön».

Torunn Aarøy bestemte seg for å supplera det slitte utvalet av truser og BH-ar som heng i treet med eit offer, ein BH frå BT.

- He, he! Gjorde de det? spurte Jimmy Øvredal då BT var nede igjen frå fjellet.

Poeten Jimmy har gjort vegen til Svinningen til ein eventyrskog, men få av bh-ane som heng i treet ved skiltet er frå turgåarar.

Jimmy kjøpte dei nemleg sjølv for å henga dei opp saman med skiltet, som blei montert for fleire år sidan.

Les heile den morosame reportasjen på bt.no.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.