Politi | 23. feb. 2022

Kasta bilen i grøfta for å unngå frontkollisjon

Møtande lastebil køyrde vidare.

Kasta bilen i grøfta for å unngå frontkollisjon
Lyseklostervegen på ein noko mørkare og meir snørik kveld, 11. februar. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 23. feb. 2022 08:27

Tysdag ettermiddag, i 17.30-tida, køyrde ein bil i grøfta på Lyseklostervegen.

– Bilførar forklarte at han køyrde i låg fart, rundt 40 km/t, men svingte i grøfta for å unngå frontkollisjon med ein lastebil, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Lastebilen køyrde vidare.

– Ingen airbag var utløyst, men personbilen fekk indre materielle skader.

Bilførar tar saka vidare med forsikringsselskapet. Det er ikkje oppretta sak hos politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.