Steinar Lyssand kom frå Nashville torsdag og spelte med Blue Note Shuffle på jam og matiné på Peppes laurdag. (Foto: Karen Richardsen Moberg)

Kasta capsen

Gripen av augneblinken, med jetlag etter plateinnspeling i Nashville, kasta Steinar Lyssand i Blue Note Shuffle hatten til publikum under dagens matiné på Peppes.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Osøren Blues & Jazzfestival held fram med tettpakka program laurdag kveld og kyrkjekonsert med Teresa James søndag kveld.

Ein vellykka fredag blei følgt opp av jam og matiné på Peppes allereie frå laurdag formiddag.

– Eg gjekk på scenen med kraftig jetlag, men det var veldig kjekt og det gjekk ganske bra, synes Steinar Lyssand frå Blue Note Shuffle.

Lyssand kom heim frå plateinnspeling i Nashville torsdag og tok saman med resten av trioen, Kjell Arne Haringstad (trommer) og Torbjørn "Timmy" Kristiansen (bass) seg av styringa av jam og matiné for Osøren Blues og Jazzfestival i dag.

Det var fullt av folk innandørs og utandørs på Peppes og tett program på scenen på jam frå 12 til 14 og på matineen som følgte.

– Gode lokale bidrag

Etter at Blue Note Shuffle frå Os hadde opna showet følgte Hans Christian Rein frå bandet Lizzard opp.

Så kom veteranane i Young Collection over scenen, medan Tore Vågen med Bøgjan Bluesband runda av jam-en.

– Det var mange gode, lokale bidrag og ei spennande oppleving å få spela med det unike gitartalentet Hans Marius Johnsen (15) frå Os.

På matineen spelte også Blue Note Shuffle, så kom heile Lizzard på scenen, med Haringstad på trommer og Arthur Nilsen på bass.

– Dei fyrte på med god 70-talsrock før Ladyshave Experience overtok, fortel Lyssand.

Inspirerande tur til USA

For to veker sidan kom trommis Haringstad og bassist Kristiansen frå Blue Note Shuffle heim frå Nashvill, torsdag landa vokalist, gitarist og låtskrivar Lyssand på Flesland.

– Eg var igjen for å legga på vokal, ta litt finpuss på gitar og for å få med meg ferdig mix, seier Steinar.

Han fortel om eit opphald i USA med full klaff.

– Vi kom til Nashville medan det var CMA Country Music Festival i byen og vi hamna midt i smørauget. Også i studio gjekk det veldig bra, på fleire av låtane kjem vi til å bruka live-opptaka som dei er.

Debutalbumet til Blue Note Shuffle får 12 eigenskrivne låtar og kjem ut på sleppefest i Os i november i år.

– Det gler vi oss til. Men nett no gler eg meg også til ORBO-konserten, så vi snakkast, seier Steinar på veg ut dørene til meir festival i Oseana.

Meir om Osøren:

Sjå Midtsiden si samleside: Osøren Blues & Jazzfestival

Fleire saker