Kasta flasker på bilar
Politirapporten: Kasta flasker og boss på bilar, mistanke om promillekøyring.
Laurdag kveld fekk politet melding om at det blei kasta flasker og boss ut frå ei leilegheit i Os sentrum.
- Desse gjenstandane traff bilar som sto parkert nedanfor husværet noko som medførte skadar på bilane, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Saka er førebels ikkje anmeldt til politiet.
- Det er ikkje helt klart om det kjem ei anmelding eller om bileigarane og dei som var i leiligheita ordnar opp sjølve.
- Om det blir ein sak for oss kan dei venta seg kraftige bøter for slik oppførsel kan vi ikkje tolerera, seier Sperrevik.
Mistanke om promille
Politiet fekk òg ei melding om at ei eldre dame mogleg køyrde med promille.
- Ut i frå tidlegare erfaringar kan det sjå ut som dette ikkje er ein promillesak, seier Sperrevik.
Ikkje einige
I helga blei politiet tilkalla til eit husvære kor familien ikkje var heilt einige.
- Eg trur vi kan kalle dette for uoverensstemmelse i eige hus kor ei bror og nokre hund blei låst ute.
- Det var litt fram og tilbake, men det enda med at patrulja anmoda dei om å løyse opp i saka sjølv, avsluttar Sperrevik.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.