Sport | 24. aug. 2018

Kasta gipsen og tok NM-sølv

NRK sendte direkte då Mattias Eide (15) kom på pallen i NM i speedcross.

Kasta gipsen og tok NM-sølv
Mattias Eide med sølvmedaljen frå NM i speedcross. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 24. aug. 2018 07:38

Bildeserie:

Mattias på Bybergsanden i Stavanger. (Foto: Elena Wacendorf)
Mattias på Bybergsanden i Stavanger. (Foto: Elena Wacendorf)
NRK filma då Mattias hoppa inn til NM-sølv. (NRK.no)
NRK filma då Mattias hoppa inn til NM-sølv. (NRK.no)
Unge Eide på pallen i begge finaleheata. (Privat foto)
Unge Eide på pallen i begge finaleheata. (Privat foto)
1 av 3
Mattias på Bybergsanden i Stavanger. (Foto: Elena Wacendorf)
NRK filma då Mattias hoppa inn til NM-sølv. (NRK.no)
Unge Eide på pallen i begge finaleheata. (Privat foto)

Motocrosskøyrar Mattias Eide har vore suveren på Vestlandet dei siste åra. Han vann vestlandsmeisterskapen samanlagt som 12-åring i 2016 og blei vestlandsmeister i to klassar i 2017.

I år har han køyrd to EM-rundar og alle NM-rundane.

Kasta gipsen for å delta i NM

På tampen av NM-veka på Bybergsanden i Stavanger var det i helga NM i speedcross.

– Eg gjekk med gips grunna eit mogleg brot i armen, men speedcross er eit kort motocrossløp, 5 rundar i staden for 10-12 rundar.

– Vi klipte av gipsen og eg tok nokre testrundar heime, og fann ut at eg fint kunne klara å køyra fem rundar.

På topp i 4 av 5 omgangar

Totalt blei det meir enn fem rundar på Mattias. Først var det tidskvalifisering, så to kvalifiseringsheat og til slutt to finaleheat.

Mattias fekk nest beste tid i tidskvalifiseringa/forsøket og tok også 2. plass i første kvalifiseringsheat.

– Har du ein dårleg start eller er litt nedpå i speedcross, så er det ikkje tid til å henta seg mykje inn igjen, seier Mattias.

Med 7. plass i andre kvalifiseringsheat fekk han fjerde spor i første finalerunde. I dei to finaleheata blei det 2. plass og 3. plass.

• NRK sendte direkte frå NM. Her kan du sjå opptak

Mista «synet»

Mattias var den einaste som var på pallen i begge finaleheata, og var svært nær NM-tittelen.

– I heatet der eg tok 3. plass var eg nær å koma meg forbi til 2. plass. Med to andreplassar hadde det blitt gull.

– Men ein del på brillene mine rauk, den som fungerer som vindusvisker. Med svært dårleg sikt handla det berre om å koma seg i mål utan å gje frå seg plassen.

Siktar seg inn på samanlagtpallen

Motocrossesongen er ikkje over. I vestlandsmeisterskapen leiar han to klassar i år òg, og går for dobbel siger. I tillegg har han fått internasjonal erfaring.

– I første EM-runde fekk eg tull med framhjulet, i andre EM-runde klarte eg å kvalifisera meg vidare.

I NM-rundane ligg eg på 4. plass, men berre 5 poeng frå 3. plass, så eg satsar på å koma på pallen samanlagt, seier Mattias til Midtsiden.

I september opnar den nye banen til Os MC & MX klubb.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.