Lokal | 14. mars 2021

Kasta gjenstandar og konflikt med balltre

– Ei relativt roleg helg, oppsummerer politiet.

Kasta gjenstandar og konflikt med balltre
Politiet melder om ei relativt roleg helg, men nokre oppdrag har det vore. (Ill. foto: KOG)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighsøndag 14. mars 2021 08:57

Atle Birkeland frå Bjørnafjorden lensmannskontor kan sundag formiddag fortelja om ei, sitat: «relativt roleg helg for politiet».

Nokre oppdrag har det uansett vore:

Fredag

  • Fredag klokka 8.30 kom det melding om ein rusa mannsperson som kasta gjenstandar rundt om kring i eit byggefelt på Søfteland. Mannen skal ha henta gjenstandane frå fleire eigedomar, og skal ha kasta desse etter folk. Mannen skal òg ha vore inne i fleire garasjar, og han skal ha forsøkt å stansa fleire bilar då han sprang ut i vegbana på E39. Mannen vart etterkvart innhenta av politiet i Bergen sentrum. Mannen, som er ein kjenning av politiet, vart køyrt til legevakt.
  • Fredag klokka 22.30 møtte politiet ein bil på Lekven. Bilen mangla køyrelys både framme og bak. Birkeland kan fortelja at bilen tidlegare har fått utdelt mangellapp for manglande lys. Då dette ikkje no var utbetra, vart bilen avskilta grunna bruksforbod.

Laurdag

  • Laurdag klokka 16.30 fekk politiet melding om ein mann som hadde oppsøkt ein nabo og trua han med eit balltre. Hendinga skal ha skjedd på Søfteland. Birkeland opplyser at det ikkje skal vera snakk om fysiske skadar, men at hendinga skal ha vore sjokkerande for den fornærma. Politiet har oppretta straffesak på tilhøvet, og det er gjennomført etterforsking på staden i det politiet seier må sjåast i samanheng med ei pågåande nabokonflikt.

Oppdatert: Etter at saka blei publisert blei Midtsiden kontakta av ein av partane i laurdagens konflikt på Søfteland. Han ønskjer å vera anonym, men fortel at han ikkje kjenner seg att i skildringa om at han skal ha gått til naboen og truga med eit balltre.

– Dette var ein ein diskusjon som ekskalerte. Den andre parten kom inn i min garasje fordi eg spurte om vi kunne ta ein prat om eit par ting.

– Deretter blei det heile ein oppheita diskusjon, kor eg til slutt ba han gå. Han reagerte då med det eg opplevde som trugande oppførsel, og blei difor skubba ut av garasjen min. Balltreet hadde eg i min høgre neve, men eg har altså ikkje oppsøkt den andre parten i denne saka.

  • Laurdag klokka 20.30 melde naboar om ungdomar som hadde teke seg inn i Lysekloster skule. Birkeland opplyser at ungdomane hadde stukke til skogs før politiet kom til staden. Det skal ikkje vera snakk om skadeverk, og ungdomane har truleg kome seg inn gjennom ei ulåst dør. Rektor ved skulen er varsla og følgjer opp saka, fortel Birkeland.
  • Laurdag kveld klokka 21.30 fekk politiet melding om ein rusa og plagsom mann ved bussterminalen i Os sentrum. Politiet skal raskt ha fått kontroll på mannen, som allereie er ein kjenning av politiet. Birkeland fortel at mannen skal ha vore plagsom og sjikanerande ovanfor ungdomane som venta på bussen. Føresette til ungdomane vart varsla, og mannen vart transportert til legevakt for undersøking og vidare kontroll. Birkeland opplyser at den sjikanerande mannen vil bli meldt for tilhøvet.







Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.