Lokal | 27. nov. 2013

Kasta ungane dine stein?

Polakk mista lappen i Dalen og ungar kasta stein på bilar på Halhjemsvegen.

Kasta ungane dine stein?
Det var frå denne brua på Halhjem borna kasta stein ned på møtande bilar (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy).
Kari M. Lyssandonsdag 27. nov. 2013 09:06

Dei hadde nok ikkje sett for seg å bli innhenta av bilførar, ungane som kasta stein frå brua ned på bilar på E39.

I 14- tida tysdag fekk ein bilist stein frontruta på bilen sin då ho kjørte under brua lengst sør på Halhjemsvegen.

- Eg såg at ungane på brua kasta steinen, men klarte ikkje å stoppa før det var for seint, fortel bilføraren.

Alvorlege konsekvensar

Kvinna seier ho blei fly forbanna, snudde bilen og fann igjen guttane ho meiner var i 8-10- årsalderen.

- Eg tok ein skikkeleg alvorsprat med guttane.

Politioverbetjent i Os Audun Hadler-Olsen bekreftar at dei har fått inn melding på hendinga.

- Vi oppfordrar foreldre til å snakke med borna sine om at det å kaste stein og andre gjenstandar på bilar i fart kan få alvorlege konsekvensar, seier Hadler-Olsen.

82 km/t i 50-sone

Politiet har fått fleire meldingar om eit kjøretøy som har stått i lengre tid på ei busslomme på Søfteland og vore til hinder for bussane.

- Vi har fått tak i eigar på Stord og han har fått frist ut dagen i dag til å fjerna bilen.

I morgontimane i dag var UP på plass i Os. Der målte dei ein polskregistrert bil på Hegglandsdalsvegen til å køyra i 82 km/t i 50 sona.

- Føraren samtykka i at førarkortet blei beslaglagt og saka vil bli meldt, fortel Hadler-Olsen.

Gjekk rundt med handlevogn i sentrum

I dag tidleg meldte handelstanden i Os i frå til politiet om ein person som gjekk rundt med ei handlevogn fylt med grasklippar og andre elektriske artiklar.

Mannen gjekk inn på bussen uten vogna, men med nokre av gjenstandane.

- Vi stoppa personen og fant blant anna nokre gamle PC-ar han hadde med seg.

- Mannen hevdar at gjenstandane er hans, men vi kjem til å undersøka serienummera, avsluttar Hadler-Olsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.