Sport | 06. juni 2016

Katinka Berg på triatlon-pallen

Katinka Berg (16) frå Lysefjorden kom på 3. plass uansett klasse i BryneTri.

Katinka Berg på triatlon-pallen
Katinka Berg (t.h.) tok 3. plass uansett klasse i BryneTri i helga. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 06. juni 2016 08:34

Katinka Berg starta med triatlon for eitt år sidan, men satsa for fullt først frå oktober 2015.

I helga deltok ho, som yngste kvinne i sprintklassen, i BryneTri, eit kompakt triatlon i og rundt Bryne sentrum, med svømming i Eivindsholtjødna, flat og rask sykkelløype i flott jærlandskap og løping i sentrumsgatene i Brynebyen.

Sprintklassen er 750 meter svømming, 20 km sykling og 5 km løping.

Katinka betra tida si med 17 minutt frå i fjor og kom på 3. plass uansett klasse. Landslagsutøvar Karen Magnussen vann klassen.

Trener 20-25 timar i veka

Katinka er medlem av Bergen Tratlon Club. (BTC) og har same trenar som Gudmund Snilstvedt, jernmannen frå Fusa, Olav Aleksander Bu.

Som svømmetrenar har ho Aleksander B. Skeltvedt.

Det unge triatlontalentet trener 20 til 25 timar i veka, berre måndag er fri, og byrja på toppidrett frå hausten for å satsa for fullt på den nye idretten sin.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for kun 5 kr i 5 veker

Vi set stor pris på at du vel å abonnera på Midtsiden, det hjelper oss på veg til å kunna dekka endå meir av alt som skjer i Os!

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Moglegheit for fleire brukarar
Les meir og bestill

Etter kampanjen blir abonnementet fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.