Lokal | 07. des. 2018

Katten, tatovøren og kunstnaren

Kva bind bandet Slayer, Torkjell Rød og Vidar Bratlund-Mæland saman?

Katten, tatovøren og kunstnaren
Torkjell «Toschie» Rød med Araya utanfor Studensenteret i Bergen. (Foto: ein tilfeldig student som gjekk forbi)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 07. des. 2018 14:00

Bildeserie:

Etter iherdig innsats frå ei gruppe studentar, fekk katten fast plass utanfor Studentsenteret. (Foto: Vidar Bratlund-Mæland)
Etter iherdig innsats frå ei gruppe studentar, fekk katten fast plass utanfor Studentsenteret. (Foto: Vidar Bratlund-Mæland)
Araya kor ho hadde sin andre heim. (Foto: Vidar Bratlund-Mæland)
Araya kor ho hadde sin andre heim. (Foto: Vidar Bratlund-Mæland)
– Absurd, men samstundes fint, seier Torkjell sjølv om oppstyret. (Foto: KOG)
– Absurd, men samstundes fint, seier Torkjell sjølv om oppstyret. (Foto: KOG)
Foreviga i bronse - på Os. (Foto: Vidar Bratlund-Mæland)
Foreviga i bronse - på Os. (Foto: Vidar Bratlund-Mæland)
1 av 4
Etter iherdig innsats frå ei gruppe studentar, fekk katten fast plass utanfor Studentsenteret. (Foto: Vidar Bratlund-Mæland)
Araya kor ho hadde sin andre heim. (Foto: Vidar Bratlund-Mæland)
– Absurd, men samstundes fint, seier Torkjell sjølv om oppstyret. (Foto: KOG)
Foreviga i bronse - på Os. (Foto: Vidar Bratlund-Mæland)

Om du har vore student på Universitet i Bergen dei siste åra, eller er godt bevandra på Høyden, er det godt mogleg du har møtt på Araya.

Katten Araya var av sibirsk avstamming, og har namnet sitt etter vokalist i bandet Slayer, Tom Araya.

Araya sin matfar var Torkjell «Toschie» Rød.

Torkjell er av osisk avstamming, og er kjend som vokalist i bandet Audrey Horne. Han jobbar i tillegg som tatovør på Let’s Buzz i Bergen.

I lang tid trudde Torkjell og kona at dei hadde ein vanleg katt; litt ute, litt inne, mykje søvn.

Kattar av denne typen er kjend for å vera territorielle, så etter å ha teke over Allégaten kor ho hadde husvære, byrja Araya å henga utanfor konsertstaden Hulen. Deretter var ferda kort til kjendisstatus på Høyden.

Twitterkonto og teikneserie

Etterkvart vart det mindre heimetid på katten, og ting tyda på at ho fekk plenty med mat andre stadar enn berre i heimen.

Telefonar til matfar fortalde om ein katt som byrja å bli husvarm i studentmiljøet på Høyden. Med tida dukka det opp eigen Twitterkonto, eigen emneknagg på Instagram - #Sibkatten, og Studentsamskipnaden i Bergen laga eigen teikneserie på Facebook - med Arya i hovudrolla. Studentmiljøet la sin elsk på katten som vandra rundt på Studentsenteret.

Stemninga stod ikkje i taket då Araya forvilla seg inn i kantina i SiB-kantina, samstundes som Mattilsynet hadde kontroll. Det vart trua med avvliving, men etter ei skjennepreike til Rød, kor han vart beden om å halda betre styr på katten sin, vart ho redda.

Då ho i 2015 forsvann i halvannan veke, var Bergens Tidende tett på saka.

Dronningen av Høyden vart foreviga

Katten Araya døydde seinsommaren 2017. Kondolansane strøymde på frå studentmiljøet, og etterkvart dukka det opp planar om eit minnesmerke over katten som åpenbart hadde hatt så mykje å seia for så mange.

Ei innsamling, parallelt med arbeidet med å finna ein eigna plass utanfor Studensenteret tok fatt. I vår var alt på plass, og oppdraget om å foreviga Araya gjekk til Vidar Bratlund-Mæland.

Onsdag 28.november vart ein bronsestatue, med pomp og prakt avduka utanfor Studentsenteret. Over hundre menneske møtte opp for å sjå korleis Mæland hadde foreviga katten Araya.

Absurd men fint

Torkjell Rød seier sjølv at det heile er ganske så absurd, men samstundes er det noko fint med heile saka;

– Eg tykkjer det er fint at slike ting skjer i samfunnet av og til. Det treng ikkje vera store saken for verda sånn generelt, men det er fint når noko så enkelt som ein katt, åpenbart har betydd så mykje for så mange.

– Eg let meg fascinera over engasjementet og den godskapen Araya sine katteår løyste ut.

Torkjell og kona har ein ny katt no, men så langt er det ingen teikn på teikn på ein katt med planar om eit liv med kjendisstatus.

Vidar Bratlund Mæland deler Rød si fascinasjon for oppdraget han fekk;

– Eg er glad i gøye påfunn - dette var definitivt gøy, og eit kjekt oppdrag for meg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.