Kultur | 03. juni 2015

Katy møtte Aurora

Det blei storfint besøk, då Aurora Aksnes spelte i Los Angeles natt til onsdag. Katy Perry møtte stjerneskotet frå Os.

Katy møtte Aurora
Katy Perry møtte Aurora Aksnes i Los Angeles natt til onsdag (foto: Geir Luedy)
Andris Hamreonsdag 03. juni 2015 08:48

I mars oppdaga verdsstjerna Katy Perry den kommande verdsstjerna Aurora Aksnes frå Os og delte funnet med sine 66 millionar følgarar på Twitter.

Aurora er i desse dager på turné i USA og spelte natt til onsdag i Los Angeles. Blant tilhørarene på den utselde konserten, kor 300 ikkje kom inn, og etterpå backstage dukka ikkje heilt ukjende Katy Perry opp.

– Det var veldig hyggeleg. Katy Perry fortalde at ho er kjempefan og digga det, fortel Aurora sin manager, Geir Luedy til BA.

Møtet mellom dei to artistane bak scena varte ein fem ti minutt kor musikken naturleg nok sto i sentrum for praten.

Utruleg kjekt møte

På facebooksida si skriv Aurora sjølv om møte.

– Ok, så kom Katy Perry til konserten min i kveld. Ho kom til og med backstage for å seia hei til meg og bandet. Det var utruleg kjekt å møta deg, ikledd ein nydeleg caps. For ein nydeleg soul og energi. Tusen takk, skriv Aurora til bilete av dei to stjernene saman.

Aurora spelar sin neste konsert på USA-turneen i San Francisco fredag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.