Kultur | 01. nov. 2011

Kinderegg til Kobbeltvedt

Ukens Urørt, plass i Bylarm og lista på P3: Tore Kobbeltvedt (30) og resten av bandet «I am Sound» har fått ein brakstart.

Kinderegg til Kobbeltvedt
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. nov. 2011 10:51

«I am Sound arrangerer lyder, instrumenter og harmoniske vokalparti på nydelig vis. Soulmates er en omfavnende, episk og varm låt – og den føles like magisk som å møte en sjelevenn» skriv Trine Jørgensen Aandahl om debutsingelen til det unge bandet I am Sound.

– Vi har fått ei overveldande mottaking, seier Tore Kobbeltvedt.

Soulmates blei lasta opp på NRK Urørt tidleg i oktober, to veker seinare var låta kåra til Ukens Urørt. Så blei låta lista på P3 og no er I am Sound blant dei 25 av truleg over 1000 banda som har sendt søknad, som får spela under By:Larm i Oslo i 2012.

Frå Teigenhuset til Oslo

I am Sound blei starta av osingen Tore Kobbeltvedt for ei tid tilbake, men fann si endelege form som band først våren 2011.

Kobbeltvedt er ein av fleire musikarar frå Os med bakgrunn frå øvingar i Teigenhuset. Han har blant spelt ein del med Vegard Skorpen, også i Solenby-prosjektet.

For fire år sidan flytta Tore til Oslo for å studera musikk ved Fjellhaug Internasjonale høgskole. I tillegg jobbar han som frilans innan grafisk design.

Bandet har base i Oslo, men halvparten av dei seks medlemmane er opprinneleg frå Os.

Bakgrunn frå Furia og Draup

Vokalist og gitarist Tore har fått med storesøstera Kirsti, eks-Furia, på gitar og vokal, osingen Yngve Oma på bass, tidlegare studiekameraten Jacop Janssønn frå Tromsø på trommer og Stryn-jentene Randi Merete Roset og Liv Jorun Bergset, også kjent som Norske Talenter-finalistar med Draup.

Dei to frå Stryn speler på glas, paino og trekkspel i tillegg til vokal.

Musikken til I am Sound består av ei rekkje forskjellige lydar og instrument, som er arrangert på ein måte som skal «suga publikum inn i ei verd av glede og sorg».

Kvart instrument kjører sin eigen vesle melodi, og vokalharmoniar og koring er viktige ingridiensar i utrrykket.

I studio - men ventar med platedebut

I am Sound har gjort nokre konsertar i Oslo, blant anna på Parkteateret og Mir, og har planar om å følgja opp med konsertar i Oslo, Trondheim og kanskje i Bergen på nyåret.

– Då vil vi ut og spela og førebu oss litt på ByLarm 16. til 18. februar, seier Tore.

Bandet har også vore ein del i studio i det siste. Seks låtar er spelt inn, men Kobbeltvedt har ikkje planar om å lasta opp oppfølgjarar tl suksesslåta Soulmates med det første.

– Vi førebur oss på å sleppa meir, men vi ventar med det meste til ByLarm er over. Å få spela på ByLarm, framfor så mange innan norsk og internasjonal musikkbransje, synes vi er veldig stort, seier Tore Kobbeltvedt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.