Kinotoppen i sommar
Besøkstala er svake - dette er dei mest sette filmane, og filmane som kjem i haust.
Trass dårleg vêr og heimesommar har dei norske kinoane om lag halvparten av vanlege besøkstal, ifølgje NRK P2.
Hovudårsaka skal vera at dei må ha to ledige sete mellom kvar gjest eller familie for å halda godkjent smittevernavstand, noko som rammar besøkstala på dei mest populære filmane.
Fire av dei fem mest sette filmane i sommar er barnefilmar.
I midten av juli er det desse filmane som er sett flest gongar:
Topp 12
- Knerten og sjøormen
- Fremad
- The Peanut Butter Falcon
- Dolittle
- Bølle i trøbbel
- The Outpost
- Flukten over grensen
- Alle utlendinger har lukka gardiner
- King of Staten Island
- The Gentlemen
- Invisible Man
- Little Women
Dette er ifølgje bergenkino.no.
Mulan og Børning 3 i Oseana
Oseana har, for første gong, hatt eit sommarprogram i år, men programmet inkluderer ikkje kino.
Bygdekinoen viser to filmar annakvar søndag vår og haust, og første kinodag etter sommarferien er søndag 23. august.
Då står nettopp bestseljaren «Knerten og sjøormen» på plakaten saman med ein film som har premiere 19. august, den filmatiserte versjonen av animasjonssuksessen Mulan.
Blant andre filmar som kjem på Bygdekinoen i Oseana i haust er Børning 3. Filmen har premiere 9. september og blir vist i Os 20. september.
Filmar som kjem
Bergen Kino set opp to gamle klassikarar 23. og 24. juli; Fight Club og Pretty Woman.
Blant andre filmar som kjem på plakaten i tida framover er:
31.07: Unhinged
07.08: Peninsula
14.08: Greenland
14.08: Tenet
19.08: Mulan
28.08: The New Mutants
28.10: Black Widow
12.11 James Bond: No Time To Die
27.11: A-HA - The Movie
11.12: Free Guy
25.12: Top Gun Maverick
Kjelde/les meir: bergenkino.no