Næringsliv | 30. apr. 2012

Kirsten frå Strøno opnar IKEA

Onsdag morgon opnar nye-IKEA. Den offisielle opninga blir utført av ei kvinne frå Os.

Kirsten frå Strøno opnar IKEA
Nye IKEA Åsane, som opnar onsdag. Kirsten Nylund innfelt. (Pressefoto/privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 30. apr. 2012 23:22

Onsdag 2. mai skal nye IKEA Åsane opnast. IKEA Åsane er med sine 38.000 kvadratmeter Noregs største IKEA og tre gongar større enn førre IKEA i Åsane. Bygget er teikna av ABO plan og arkitektur, frå Os, og skal opnast av ei dame frå Os.

Parallelt med innspurten i byggearbeidet har nemleg den svenske kjeden lyst ut ulike konkurransar på flyttefest.ikea.no. Ein av konkurransane blei snappa opp av Kirsten Nylund frå Nordstrøno.

– Eg var innom IKEA sine heimesider for å sjå kva tilbod dei hadde no når dei skulle flytta.

– Det var då oppdaga eg konkurransen om å opna det nye varehuset, så eg svarte. Det var heilt spontant, fortel Kirsten til Midtsiden.no.

Mista gamal hageflekk

For å vera med i trekninga om å få opna IKEA måtte Kirsten senda nokre ord om kvifor akkurat ho skulle få jobben.

– Eg budde i Åsane i oppveksten. Vi som budde i blokk hadde fått tildelt litt grøntområde der vi kunne dyrka ting. Dette arealet var der første IKEA blei bygd, så hagane våre blei ofra då det skulle byggast.

Historia tok Nylund med i skrivet til IKEA.

Juryen seier dette om kvifor ho blei valt ut til å stå for opninga:

Kirsten har eit spesielt forhold det gamle varehuset IKEA Åsane (...) mannen hennar skuldar ho for å vera litt "over the top" med IKEA, men let ho likevel låna saga hennar for å saga over ein tømmerstokk på opningsdagen. Vi let oss sjarmera av Kirsten sitt engasjement og er sikker på at ho vil gjera ein strålande jobb på opningsdagen.

– Vi liker bedre å sage over tømmerstokken enn å klippe snora, siden det tar litt mer tid. Men da trenger vi noen med sag til å hjelpe oss, seier varehussjef Odd Rune Bjørge.

Til dei ulike flytteoppgåvene har IKEA mottatt over 250 søknader.

– Får du noko for å gjera jobben?

- Ikkje som eg veit, bortsett frå at eg får gleden av å delta på ei stor hending, seier Kirsten, klar for opning onsdag morgon.

Fakta om nye IKEA Åsane

• Med sine 38.000 kvadratmeter er det nye varehuset Noregs største IKEA. Det er tre gongar større enn det gamle varehuset, som er på 13.000 kvadratmeter.

• Det nye varehuset i Åsane er eit fullsortiments varehus med alle IKEAs 9500 varer, mot det gamle tilbudet på 6500. I Noreg er det berre IKEAs varehus i Sørlandsparken som har hatt hiele vareutvalget før nye IKEA Åsane no opnar dørene.

• Taket på 22.000 kvadratmeter er dekka av planta bergknapp. Det er eit område tre gonger større enn Brann Stadion, og IKEA-taket er Nordens største plantetak.

• Restauranten i bygget er med sine 1000 kvadratmeter og over 500 sitjeplassar den største i Hordaland. Den er tre gonger større enn restauranten i det gamle varehuset, som er på 307 kvadratmeter. Leikeområdet i restauranten er på 15 kvadratmeter, mot 2 kvadratmeter i den gamle restauranten.

• Tomta er på 140 mål. Det er nesten 8 gonger så stort som den gamle tomta, som er på 18 mål.

• Det blir 1162 parkeringsplassar, som er nesten dobbelt så mange som det gamle varehuset sine 600.

• Talet på sykkelparkeringer er auka frå 8 til 134 (!).

• Det nye varehuset har 15 lasteområde under tak, og 24 lasteområde ute. Ved det gamle varehuset er det berre 4 lasteområde.

• Talet på kassar aukar frå 23 til 34.

• Den nye svenske matbutikken er på 136 kvadratmeter, som er over dobbelt så stor som den gamle, som er på 60 kvadratmeter.

• Nye Småland for barna er på 196 kvadratmeter, og har ein kapasitet på 40 barn. Det gamle lekeområdet var på 66 kvadratmeter og kunne berre ta imot 15 barn.

• Talet på toalett aukar frå 17 til 36 med nye IKEA Åsane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.