Hos Kiwi Haugsneset tømer dei no hyllene. Laurdag er siste opningsdag. (Foto: KVB)

Kiwi tredoblar på Haugsneset

Laurdag blir siste opningsdag før riving, til sommaren skal Kiwi Haugsneset opna i nytt, stort bygg.

image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Den eldste og minste Kiwi-butikken i Os skal bli tre gongar så stor. Men først blir det riving og bygging.

– Eg var ei lita jente då bygget blei reist på 60-talet ein gong, då for å husa bakeri og konditori, fortel eigar av bygget, Astrid Drageset.

Drageset-butikken i Os sentrum (som no er Joker) fekk auka kapasitet då bakverk og kaker blei flytta ut av sentrumskjerna til nybygg aust om elva.

– Då bygget med butikk og bakeri i Industrivegen sto ferdig, der Meny er i dag, blei Haugsneset frigjort til butikk, fortel Astrid, som deler Norges Gruppen si interesse for å utvida.

Kjøpte fleire nabotomter

Astrid fortel at det lenge har lagt i korta at det skulle koma eit nybygg for å gje Kiwi meir plass.

– Dei siste 4-5 åra har eg kjøpt nokre av nabotomtene. Det nye bygget blir på over 1200 kvadratmeter, noko som er cirka det tredobla av dagens butikk.

Dette er tilsvarande storleik som Kiwi Gudriflaten og Kiwi Moberg, før sistnemnde har gjennomført den planlagte utvidinga si.

Det nye bygget blir trekt noko inn på tomta, mot fjellveggen, samtidig som det blir større i fleire retningar.

– Eg opplever samarbeidet og dialogen med både Norges Gruppen og Leigland Bygg, som er hovudentreprenør, som veldig god.

– Ein populær butikk

Dei siste åra har Kiwi på Haugsneset fått selskap av Kiwi Moberg og Kiwi Gudriflaten.

– Butikken på Haugsneset er blant våre mindre, men den har over 5000 kundar innom i veka og veks meir enn marknaden gjer, seier regionssjef Jan Olav Mjøs.

Han set pris på å ha ein huseigar som har same interesse for å utvida.

Klar for riving

Førstkomande laurdag blir siste opningsdag før det rundt 50 år gamle bygget skal rivast.

– Opningsdato er for tidleg å setja, det kjem blant anna an på korleis vinteren blir.

– Men vi reknar med å koma i hus sommaren 2016 og vi ser fram til å kunna tilby Haugsneset-kundane ein langt større butikk, blant anna med auka utval innan middagar og frukt og grønsaker, seier Mjøs.

 

Fleire saker