Lokal | 03. sep. 2019

Kjære førstegongsveljar!

Lesarinnlegg: Kvart enkeltmenneske skal sjølv bestemma over eige liv.

Kjære førstegongsveljar!
Marie Elisabeth Lunde Bruarøy. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 03. sep. 2019 07:57

Måndag 9. september er det kommune- og fylkestingsval, og Bjørnafjorden Høgre ynskjer å oppfordra deg som førstegongsveljarar til å nytta stemmeretten din for fyrste gong. Ved å gå til valurna og leggja att di stemme, er du som veljar med på å bestemma samansetjinga i kommunestyret dei neste fire åra. Di stemme tel! Ved å nytta stemmeretten sin, vernar ein om det gode demokratiet Noreg er bygd på.

Høgre representerer ein verdikonservativ politikk, der ansvar, fridom og mangfald står sentralt. Alle er unike individ, vi har alle individuelle behov og ynskje for korleis vi vil ha det. Difor meiner Høgre at kvart enkeltmenneske sjølv skal bestemma over eige liv.

Os og Fusa kommunar er gode kommunar å bu i, og det skal det vera også vera i framtida når vi no vert samla i Bjørnafjorden kommune. Vi vil at Bjørnafjorden skal vera ein attraktiv kommune å etablera seg i, og det skal vera mogleg for deg å koma deg inn på bustadmarknaden. Difor er Høgre svært positive til at rimelege ungdomsbustader vert etablerte i kommunen, og vi vil leggja til rette for at det òg vert vekst i bygdene våre.

Det er viktig at vi støttar opp om lokale idrettslag og andre organisasjonar for å ha eit attraktivt idrett- og kulturtilbod, og Høgre vil løfta fram born og unge i sine prioriteringar. Vi vil også sørgja for at det vert tilrettelagt gode uteopphalds- og leikeareal for uorganisert aktivitet for barn og ungdom, både i sentrum og elles. På dette området ynskjer vi at ungdommen skal bidra, og inviterer Bjørnafjorden ungdomsråd med i dette arbeidet.

Kommunen som arbeidsgjevar er ein stor aktør i samfunnet vårt. Vi meiner at Bjørnafjorden kommune skal tilby læreplassar innan fleire fag enn det ein gjer i dag, og at antal læreplassar bør auka. Slik kan ungdommen ta utdanninga si lokalt, og i tillegg kan ein utdanna fleire der vi veit at det i framtida trengs arbeidskraft.

Høgre er eit styringsdyktig parti. Vi står for ein ansvarleg politikk og vi skal forvalta dei ressursane og midlane vi til ei kvar tid rår over på forsvarleg vis. På den måten kan vi oppnå ein god start for Bjørnafjorden kommune, og gje den rom til å utvikla seg på ein sunn måte.

Våre visjonar kan du lesa meir om i programmet vårt som er distribuert til alle husstandar, og stikk gjerne innom oss for ein hyggeleg prat når vi er på stand.

Gje oss di røyst - så skal eg og Høgre gjera vårt for at vi skal ha det godt i Bjørnafjorden òg!

Marie E. L. Bruarøy
Ordførarkandidat, Bjørnafjorden Høgre

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.