Næringsliv | 02. mai 2017

Kjede frå Os fekk nytt namn på plass

Torgeir Lyssand sin verkstadkjede har vakse. No har alle fått nytt namn.

Kjede frå Os fekk nytt namn på plass
Saman med fleire andre i den Os-baserte kjeden skifta Lyssand Bil namn til Carfix laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 02. mai 2017 19:58

Våren 2016 fortalde vi om Torgeir Lyssand frå Lyssand Bil sin ekspansjon, med tre nye verkstadar.

No er det fem verkstadar under paraplyen, og i helga var det opningsfest med nytt namn og nye skilt på plass.

– Den femte verkstaden, tidlegare Stord Bilteknikk på Heiane, kom på plass i november. Denne blei dekorert i vinter, mens Os, Fitjar, Åsane og Gann (Sandnes) blei tatt omtrent samtidig, fortel Torgeir Lyssand.

Laurdag var det opningsfest i Os med ulike tilbod og godt besøk.

– Det var veldig kjekt at så mange besøkte oss på ein travel laurdag i Os, seier Lyssand.

Carfix kan bli endå større

Torgeir Lyssand eig 100 prosent av Carfix AS, som igjen eig 51 til 100 prosent av dei andre verkstadane.

– Nokre stadar held vi på lokalt deleigarskap, fortel han.

Felles for alle er at dei både har verkstad og dekkutsal. Fordelen av å vera kjede har dei for lengst merka.

– Ulikt fleire andre kjedar, der verkstadane er sjøleigde og berre «lånar» eit namn, har vi fordelen av felles eigarskap.

– Kan det bli fleire verkstadar i nær framtid?

– Ja, kjeden blir nok utvida. Vi har nokre i kikkerten og kan auka med to nye Carfix i løpet av det neste halvåret, seier Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.