Lokal | 26. okt. 2016

– Kjekt å halda seg oppdatert

Denne veka blir det halde to fullbooka datakurs for eldre og unge eldre. – Interessa er så stor at vi vurderer å etablera ein fast dataskule, seier arrangørane.

F.v.: Åse Karset Berge, kurshaldar Jan Erik Moss Soltveit og Sverre O. Arnesen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. okt. 2016 09:13

Bildeserie:

Kurset i går var fullsett. Det er det òg i morgon. (Foto: KVB)
Soltveit har jobba med IT i 18 år. I går heldt han sitt første kurs. (Foto: KVB)
Ernst Hoff i Os Senior Høyre er arrangør saman med Os Pensjonistforening. (Foto: KVB)
Deltakarane hadde med eigne pc-ar, nettbrett og telefonar. (Foto: KVB)
Kurset i går var fullsett. Det er det òg i morgon. (Foto: KVB)
Soltveit har jobba med IT i 18 år. I går heldt han sitt første kurs. (Foto: KVB)
1 av 4
Soltveit har jobba med IT i 18 år. I går heldt han sitt første kurs. (Foto: KVB)
Ernst Hoff i Os Senior Høyre er arrangør saman med Os Pensjonistforening. (Foto: KVB)
Deltakarane hadde med eigne pc-ar, nettbrett og telefonar. (Foto: KVB)
Kurset i går var fullsett. Det er det òg i morgon. (Foto: KVB)

Os Senior Høyre har slått seg saman med Os Pensjonistforening for å arrangera datakurs for eldre. Det var fullbooka i går og det er fullsett i morgon.

– Eg oppdaga at interessa var stor då vi hadde kurs i bruk av Os kommune si heimeside då den var ny, fortel Ernst Hoff frå Os Senior Høyre.

Han kontakta pensjonistforeininga for å samarbeida om nye kurs. Dei to organisasjonane har samarbeidd om å hyra inn lokal kompetanse.

Erfaren debutant

Jan Erik Moss Soltveit har jobba med IT for blant anna ABB, Universitetet i Bergen og Netcom. No driv han eige firma.

– Eg har jobba mest med nettverk og system, dette er første gong eg underviser, fortel Soltveit.

Han hadde både tryggleik, sosiale media, val av nettlesar og antivirusprogram.

Soltveit kom og med generelle råd og praktiske tips, og tok seg tid til å gå ein runde til kvar enkelt deltakar på kurset i Os folkebibliotek tysdag.

– Det er alltid noko å læra

Kurset er retta mot eldre, men det var fleire yngre eldre blant dei 11 deltakarane på kurset. Ein av dei yngre deltakarane var Sverre Ove Arnesen, tidlegare gründer av bemanningskontoret Orcus (no Logent), som gjekk av med pensjon i år.

– Sjølv om eg har brukt mykje data i jobb er det alltid noko å læra. I det siste har eg byrja med litt slektsgransking. Morfaren min sat som krigsfange i Japan frå 1941 til 1945, noko eg kunne tenkt meg å veta meir om, så eg er mest interessert i praktiske tips til smartare søk på nett, seier Arnesen.

Biblioteket har pc-ar som kan lånast, men fleire av kursdeltakarane hadde med seg sine eigne datamaskiner, nettbrett og mobiltelefonar.

– Eg bruker både pc, nettbrett og mobil. Det er lenge sidan sist eg var på kurs, så eg er interessert i både nettbank og generelle råd, seier kursdeltakar Åse Karset Berge.

Kan få fast kursprogram

Hoff fortel om gode tilbakemeldingar etter kurset i går.

– Fleire av dei sa at dei kunne tenkja seg å koma på oppfølgingskurs.

Dei to kursa har tak på 12 deltakarar. 13 var påmeldt i går, men to av dei kunne ikkje koma. Også i morgon er det fullt hus.

– Eg trur interessa er så stor, og pensum så breitt, at dette er noko vi kunne hatt fast, minst éin gong i månaden. No skal vi først avvikla desse to kursa, så skal vi sjå nærmare på om vi klarer å setja opp noko fast.

Deltakarane har betalt ein fast, låg sum, resten blir dekka av arrangørane, Os Senior Høyre og Os Pensjonistforening.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.