Kultur | 12. okt. 2012

Kjell Kjellen til Os

Oseana set og ekstraframsyning av Damenes LATTERgalla - og inviterer samtidig Kjell Kjellen Bigset og resten av gjengen frå Klypa til Os.

Kjell Kjellen til Os
Kjell Kjellen lager svelerøre til ferja. (Skjermskot, Klypa.net)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 12. okt. 2012 10:00

Marit Voldsæter, Lisa Tønne og Cecilie Steinmann Neess har saman selt fullsett Oseana 1. november, og kulturhuset har sett opp ekstraframsyning same kveld.

Drygt to veker seinare, nærmare bestemt 17. november, kjem Kjell Kjellen Bigset og resten av Klypa til Os og Oseana.

Med si blanding av revyar, videosnuttar, standup og TV-innslag har Thomas "Kjell Bigset" Ryste og resten av gjengen bak Klypa funne ei suksessoppskrift.

I fjor og og år var Klypa-gjengen, som har selt over 40.000 billettar av showet “Laaangt over streken!!!”, å sjå på Tysnesfest.

No er den karismatiske bussjåføren Kjell "Kjellen" Bigset og rånaren Palle og Strila- Petter klare for Os.

VIDEO: Under kan du sjå ein avmange videosnuttar av Kjell Kjellen i aksjon (Foto: Klypa.net):

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.