- 28. feb. 2021

Kjem inn i trenarteamet

Os styrkte stallen med éin spelar etter opprykket. No blir Kristine assistenttrenar.

Kristine, her i kamp mot Gneist i 2019, blir spelande assistenttrenar for Os/Nore Neset i 2021. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 28. feb. 2021 09:20

Os/NOre Neset dame har presentert trenarteamet til damelaget for 2021-sesongen.

Ørjan Sandal held fram som hovudtrenar og har framleis med seg Kenneth Moland som hjelpetrenar og Tore Nøss som oppmann.

Nøss, som i 2019 blei heidra saman med Linda Johansen, er i år på sitt 15. år med engasjement for damefotballen.

I trenarteamet er to nye namn: Kjell Hansen, far til keeper-Kjetil, blir keepertrenar etter at Chris Sunde Midtun flytta austover.

Kristine Farestvedt Aasheim kjem inn som spelande assistenttrenar.

Var ny på Kuventræ i 2019

Os/Nore Neset sikra opprykk til 3. divisjon hausten 2018, to rundar før serieslutt, då Vy Nguyen skåra sitt 19. og 20. mål for sesongen - på 21-årsdagen sin.

Samarbeidet mellom Os og Nore Neset skapte god rekruttering, det sterke jentelaget til Nore Neset var viktige i opprykkssesongen og gav godt påfyll inn mot ny sesong i ny divisjon.

Laget styrkte seg med éin spelar utanfrå; backen Kristine F. Aasheim frå Fana.

Venstreback Kristine spelte 20 kampar i sin første sesong for Os/Nore Neset. (Foto: KVB)

Ho spelte 20 kampar for Os/Nore Neset i 2019.

Laget landa på 5. plass av 12 lag i 3. divisjon.

– Flink til å gira opp laget

– Eg synest dette er veldig spennande. Det er mykje potensiale i jentene, og eg ser framtil sesongen, seier den nye assistenttrenaren til osturn.no.

– Kristine har både rutine, entusiasme og vinnarmentalitet. Ho er flink til å gira opp resten, seier hovudtrenar Sandal.

Terminlista er ikkje klar, men avdelingsoppsettet har kome.

3. divisjon kvinner, Hordaland 2021:
Bremnes
Djerv
Fana
Fyllingsdalen 2
Gneist
Lyngbø
Nordhordland
Nymark
Os/Nore Neset
Sotra
Voss
Åsane 2

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • For heile familien (6 pers)
  • Utan bindingstid
  • Berre 30 kr per veke
Teikna abonnement

Abonnementet blir fornya kvar 4. veke for kr 120 per månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.