Sport | 22. nov. 2011

Kjempar i Dublin i morgon

Verdsmeister frå 2009, Eirin Dale, og europameister i 2010, Ina Grindheim, slåss i morgon om VM-medalje.

Kjempar i Dublin i morgon
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. nov. 2011 19:57

VM i kickboxing er i gang og jentene frå Os vog inn i -55 (Eirin) og -65 kilo utan problem.

– Det gjekk fint sjølv om eg var «greit» svolten, seier Eirin.

Tysdag var det trekning av motstandar og Ina startar kampen om VM-gull med italiensk motstand, Eirin mot ei jente frå Brasil.

Tittelforsvarar

Sidan Eirin vann VM i 2009 er ho seeda. Finalemotstandaren frå førre VM, italienske Luisa Gullotti, blir framleis sett på som tøffaste konkurrent, men dei to kan tidlegast treffast i finalen.

Ina tok sin første internasjonale tittel då ho i fjor vann EM. Ina er også regjerande noregsmeister.

I haust har både Ina og Eirin tatt fleire internasjonale gull- og sølvmedaljar.

Medbrakt publikum

Onsdag startar kampane og jentene frå Os, som no bur i Bergen og Oslo, har fleire osingar med til Dublin som heiagjeng.

– Foreldra mine er her saman med fleire vennepar. I tillegg har Ina sin sponsor, Aval AS, lagt sin årlege firmatur til Dublin, så dei kjem nok også til å laga liv ringside, trur Eirin.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.