Os Fotball A-lag | 20. aug. 2022

– Kjennest skuffande i ein kamp som denne

Tapte for botnlag.

Heime i vår (bildet) blei det 2-1, i dag tapte Os 2-1 for Ready. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. aug. 2022 16:39

Os på 3. plass spelte i dag borte mot Ready på 14. og sisteplass.

Heime blei det 2-1. Der beit Ready litt ifrå seg, men hadde berre 8 poeng før dagens møte med Os.

– Har dei blitt betre etter ferien?

– Eg synest dei såg langt friskare og meir initiativrike ut på Kuventræ, og var førebudd på spelemessig tøffare motstand enn det vi møtte i dag, seier Os-trenar Endre Brenne.

– I dag var vi det førande laget, men det var som om vi aldri fann rytmen, samtidig gjorde vi ein del feil.

Ready - Os 2-1 (1-0)
Målskårar, Os: Kristian Halvorsen (straffe)
Tropp og kampfakta på fotball.no

Vertane leiar 2-0 før Os, i 88. minutt, reduserte på straffe.

– Det første målet kom på eit innlegg, det andre fekk Ready då vi hadde ei misforståing i bakre rekker.

– Det er vår eigen feil at vi taper i dag, og det var skuffande i ein kamp som denne, synest Brenne.

Om Skeid 2 vinn sin kamp mot Fyllingsdalen i morgon, går Os ned frå 3. til 4. plass.

Os sin neste kamp går heime mot Grorud 2 på 6. plass.

Tabell og terminliste på fotball.no

Os 2 speler i morgon heime mot Fana 2 (klokka to).


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.