
Kjøpte Odin Solutions
Odin Solutions AS er konkurs. Valhall NGP AS, med fleire tidlegare Odin-tilsette, har kjøpt konkursbuet.
Kjetil Vasby Bruarøy
I februar fortalte Kjetil Moberg om betre utsikter etter ein tøff periode for selskapet hans, Odin Solutions AS.
Salet kom i gang igjen etter oljekrisa og han klarte å betala krava som hindra konkurs.
Tidleg i mars blei det dessutan inngått forlik med Termorens AS, eit selskap som i utgangspunktet skulda Odin for å etterlikna eit av produkta deira. Men seinare same månad, 17. mars, kom ny konkurbegjæring, og kravet frå Kemnaren klarte ikkje Odin å innfri i tide.
Valhall har overtatt
Selskapet Valhall NGP AS, som driv i same bransje, fortel at dei har kjøpt konkursbuet.
– Vi har overtatt alle rettar til Odins produkt, varemerke, sertifisering og godkjenningar, seier administrerande direktør Trond Soltvedt til Midtsiden.
Valhall NGP AS blei stifta i desember i fjor. Alle dei tilsette har tidlegare jobba i Odin Solutions.
– Kva drift har selskapet hatt inntil kjøpet av konkursbuet?
– Vi har produsert liknande produkt og opererert i same bransje, det har vore full drift frå start.
Valhall har base i Bergen Malingfabrikk sitt lokale i Godvik. Selskapet er eigd av Einevoll Invest.
Moberg: – Har to alternativ
Kjetil Moberg seier han kjem til å anka konkursen og kjempa for å få selskapet tilbake.
– Det andre alternativet er at eg startar opp på nytt. Eg har finansiering klar.
Midtsiden kjem med meir om saka over helga.