Lokal | 18. okt. 2010

Kjørte i elva

Utforkjøring ved Vallebrua: Politiet hoppa i elva og redda bilføraren ut av vraket.

Kjørte i elva
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 18. okt. 2010 09:18

Ein BMW kjørte utfor Hegglandsdalsvegen ved Vallebrua måndag førmiddag og hamna på taket i elva.

- Vi fekk melding om ulykka klokka 10.52, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

SJÅ VIDEO NEDST I ARTIKKELEN

Politi, brannvesen og ambulanse rykte ut. Også luftambulansen kom til staden.

- Bilføraren skal ha vore åleine i bilen. Vedkomande var bevisst då redningspersonell kom fram til staden.

Mista kontrollen
Eit vitne Midtsiden.no har snakka med fortel at bilen kom kjørande ut Hegglandsdalsvegen retning Os då uhellet skjedde.

- Bilen kom i stor fart og før avkjørsla til Hjelle mista føraren kontrollen.

Mannen, ein bergensar i 30-åra, skal så ha kjørt inn i ein stein på venstre side av vegen før den kryssa vegen og hamna utfor på høgre side. På veg ned i elva drog bilen med seg to sperreblokkar som òg hamna i elva.

Bilen hamna med fronten ned i elva og tippa over før den la seg på taket på motsatt side av elvebredden.

- På bakgrunn av vitneobservasjonar har vi tatt beslag i førarkortet, seier Hadler-Olsen.

Rask redning
Valleelva er ikkje ei djup elv, men då bilen blei liggande på taket var det likevel vått og farleg for den skadde bilføraren.

- Politiet var først på staden og hoppa rett i elva for å få førar ut, seier brannsjef Stein Gjøsund som skryt av politiet sin innsats.

Føraren klagde over smerter i ryggen og er blei frakta til sjukehus i ambulanse.

- Mannen er alvorleg skadd, seier kommunikasjonsrådgjevar Anette Hellstrøm ved Haukeland sjukehus.

Legg ut lenser
Bilen blei heist ut av elva ved hjelp av ein kranbil frå ei nærliggande bedrift.

Brannvesenet rykka òg ut med dykkarar, men desse blei det ikkje brukt for til anna enn oppryddingsarbeidet.

- Vi hentar no lenser som vi legg ut for å hindra at oljesøl renn nedover elva, fortel Gjøsund.

VIDEO (Foto: Varde Film og Media)


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.