Sport | 15. sep. 2012

Kjørte på land - og vann 8-0

Os 2 fekk ein spennande, hektisk og innbringande tur til Rosendal.

Kjørte på land - og vann 8-0
Preben Borgen gav A-laget eit løft då han kom innpå mot Varegg i førre runde. I dag putta han 2 for Os 2, halvparten så mange som Ramo. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 15. sep. 2012 17:20

Laurdag var andrelaget til Os til Rosendal for å spela 17. serierunde i 5. divisjon.

Trass båtulykke på vegen og hektisk ankomst enda kampen med Os 2 sin femte siger på rad med overbevisande 8-0 som sluttresultat.

– Vi reiste klokka 12.05, knuste i kaien på Tysnes klokka 12.30, kom til kai i Rosendal klokka 14.15 og starta kampen klokka 14.45, tre kvarter etter oppsatt tid

– Det blei 10 minutt med oppvarming og 3 minutt med pause, så vi rakk bussen som gjekk heim igjen 10 minutt etter kampslutt. Det lukta ikkje blomstrar i bussen på veg heim, men vi er elles nøgd med dagen, seier trenar Terje Kvittingen.

Rosendal - Os 2 0-8 (0-6)
Målskårarar: Ramo Racic 4, Preben Borgen 2 og Egil Thuen 2

Kampen starta med 1-0-leiing ved Preben Borgen i 14. minutt før Ramo Racic, som skåra tre mål i førre kamp, auka til 2-0 og 3-0 i 23. og 26. minutt.

Preben skåra eitt til og Ramo to til før pause (34, 39, og 43.)

– Preben og Ramo viste tydeleg at dei ikkje skal spela så mykje med andrelaget i haust, i dag briljerte dei.

Egil Thuen skåra begge måla etter pause, 7-0 i 59. minutt og 8-0 i 79. minutt.

– Og vi treng ikkje hjelp frå førstelaget, andrelaget har skadefri tropp og sterk stall.

– Det er mange som fortener skryt i dag, men eg vil framheva Ørjan Håland som har kome i skikkeleg god form og er svært viktig både på og utanfor banen, ein skikkeleg leiartype, seier Kvittingen.

Os 2 er ikkje avhengig av andre sine resultat for å nå målsetnaden om opprykk til 4. divisjon igjen.

– Vi er botnsolide no, med siger i alle kampane etter ferien og 3 poeng mot alle topplaga. Vinn vi resten av kampane våre så rykker vi opp igjen til 4. divisjon, som er målet vårt for hausten.

SJÅ TABELL

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.