Lokal | 15. des. 2013

Kjørte utfor - gjekk rett på fest

– Førar forklarer at han måtte svinga unna for ein møtande bil. Han var lettare skadd, men spaserte bort til ein fest i nabolaget.

Kjørte utfor - gjekk rett på fest
Søndag morgon blei ein bubil funnen i ei grøft på Drange. Førar gjekk på fest etter utforkjøringa. (Foto: Varde Film og Media)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. des. 2013 13:45

Bubilen som blei funnen i ei grøft på Drange søndag morgon, har truleg lagt der sidan i 23-24-tida laurdag kveld.

– Bilen blei funnen då ambulansen var på Drange i eit anna oppdrag, fortel politibetjent Kenneth Rastad.

Førar, ein svensk statsborgar i 20-åra, blei tatt til legevakt for sjekk av lettare skader og har no vore i avhøyr hos politiet.

Svingte unna - gjekk på fest

Føraren av bubilen var på veg til ein fest, og har forklart at han måtte svinga unna ein møtande bil, og at han då mista kontrollen og hamna i elva.

– Sjølv om han var skadd meldte han ikkje ifrå til politiet.

– Rett nok låg telefonen hans igjen i bilen, under vatn, men han kunne nok ha lånt seg ein telefon i løpet av natta.

Vurderer å melda forholdet

Førar blei også tatt med for blodprøvetaking.

Vedkomande innrømmer å ha drukke alkohol på festen, men det er etter utforkjøringa.

– Vi vil ta ei vurdering i morgon om det er grunnlag for å melda førar for noko, seier politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.