Lokal | 24. apr. 2012

Klagesak sendt til fylkesmannen

Var ombygginga søknadspliktig? Heng Irish Cat i ein tynn tråd?

Klagesak sendt til fylkesmannen
Tiltaka i Fagerthun-huset, og påverknad drifta av Irish Cat har på omgjevnadane, er ifølgje BERAS store nok til at tiltaket burde vore søknadspliktig. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 24. apr. 2012 15:37

BB Eigedom Invest KS og Oshjørnet AS, begge representert av Bergen Eiendsomsrådgivning AS (BERAS) ved Terje Haugan, har sidan 2010 bedt at dei som nabo skal få uttalerett i sak om etablering av nattklubben Irish Cat i gnr. 52, bnr. 67 (Fagerthun-huset).

Nye opplysingar om saka har styrka klagen, ifølgje klagar.

For å få uttalerett må tiltaket i Fagerthun-huset vera søknadspliktig.

Etter opplysningar frå eigar la kommunen til grunn at verskemda var ei vidareføring av lovleg etablert bruk og ikkje innebar noko vesentleg utviding av drifta, altså at endringane ikkje var vesentleg nok til at kommunen ville krevja søknad.

– Omfattande ombygging og endring frå kafé til nattklubb, det er veldig mykje som seier at tiltaket er søknadspliktig og at kommunen har vurdert dette feil og på manglande grunnlag, meiner Terje Haugan.

– Det er fleire enkelttiltak som er utført med bygget som kvart for seg er søknadspliktig. Endra påverknad den nye drifta har på omgjevnadane ligg til grunn for søknadsplikta.

Fylkesmannen si avgjerd

Torsdag behandla plan- og bygningsutvalet "klage på avvising på klage" frå BERAS.

Administrasjonen sitt framlegg til vedtak var: Plan- og bygningsutvalet i Os kommuen opprettheld avvising av klage av di avgjerda det klagast på ikkje er eit enkeltvedtak etter forvaltningsloven § 2. Reglane i kapittel IV-VI kommer difor ikkje til bruk, jf forvaltningsloven § 3 første ledd.

Det enda med at saka blei sendt vidare til fylkesmannen for avklaring.

– No har vi jobba med denne saka i snart to år. At den blir sendt til fyklesmannen gjer at det går endå litt tid, det som er gledeleg at at avgjerda no blir endeleg. Det fylkesmannen avgjer kan ikkje klagast på, verken av oss eller av Fagerthun.

Utan bruksløyve - ikkje skjenkeløyve

1. juli skal skjenkestadane i Os fornya løyvet igjen. Dersom tiltaka i Fagerthun-huset blir vurdert som søknadspliktige må søknad sendast og lokalet vera godkjent før det kan bli gjeve skjenkeløyve, om skjengereglementet skal følgjast.

– Dette er ei trist sak for alle partar, men vi har sagt frå tiltaka starta at dette er søknadspliktig. Hadde alt vore gjort skikkeleg frå starten kunne dette vore unngått, seier Haugan.

Haugan tilføyer at lokale med dansklubb tilhøyrer streng risikogodkjenning, godkjenning i klasse 5.

Ba om dokumentasjon

Sjølv om Beras i januar fekk avvist sin klage har byggesaksavdelinga i Os kommune i etterkant sendt brev til eigar Anders Fagerthun.

Der skriv dei blant anna:

Syner til telefonsamtale i dag og stadfestar med dette at De sender byggesak dokumentasjon på opningstider for Pekinghouse, kafe/pub og selskapslokalet, samt tal på personar som lokala har vore godkjente for. (...) Gjer merksam på at våre arkiv viser at Peking House har hat opent frå 14.00 til 22.00. Byggesak ber om at dokumentasjon sendast oss innan 2 veker.

Det er uvisst om Os kommune har fått denne dokumentasjonen innan fristen i utgangen av mars.

Påverker sal av husvære

Blant eigedomane Beras forvaltar er Oshjørnet, der det ligg husvære ute for sal. Ingen husvære er selt til no.

Haugan legg ikkje skjul på at årsaka til at han involverer seg i Irish Cat-saka er for å forsvara interessene til eigarane av Oshjørnet og dei som bur i Os sentrum.

– Vi vil veta kva Os kommune vil med Os sentrum. Det har dei ikkje vore tydelege på til no. Oshjørnet har planlagt utbygging i tråd med sentrumsplanen til Os kommune, som seier at dei vil etablera sentrum som ein meir attraktiv stad å bu.

– Men då må dei også ha ein plan for utelivet og støyen som høyrer med. Etableringa av nattklubben kom overraskande på oss og støyen gjer at planane for Oshjørnet og vidare planar som vil gje Os sentrum eit kraftig løft, vanskeleg let seg gjennomføra, seier Terje Haugan.

Saksbehandlar i Os kommune, jurist Jannicke Ane Søraas Onarheim, vil ikkje uttala seg i saka, men viser vidare til kommunalsjef Karl Ole Midtbø. Midtsiden fekk ikkje tak i Midtbø for kommentar tysdag ettermiddag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.