Kultur | 30. nov. 2009

Klar for generalprøve

I september starta øvingane, torsdag har dei ferske skodespelarane generalprøve på «Desembergata 24» i Fjellheim.

Klar for generalprøve
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 30. nov. 2009 20:41

Bildeserie:

1 av 5


«Desembergata 24» har vore vist i Os før, sist i 2006. Stykket av Widar Aspelid (tekst) og Roy Skog (musikk) blei godt mottatt.

- Det er ein del som har bedd oss setja det opp på nytt, fortel Linda Andersen frå Os Revy- og Teaterlag.

Stykket om Johannes, som vil hjelpa musene å laga ei god gamaldags julefeiring, og blir derfor blir trylla ned til musestorleik av nissen Pim. Fordelen er at han då kjem seg inn i museholet, bakdelen er at katten fattar interesse for han på ein ny måte.

Frå plan til framsyning
Tidlegare i år kontakta ho Jonny Haugland ved kulturkontoret, for å få tider i Fjellheim til øving og framsyning.

- Jonny er positiv og svært hjelpsam, eg er glad for å ha eit så godt samarbeid med han og resten av kulturkontoret, seier Linda.

Men det er meir enn eit lokale som skal til for å laga revy.

- Musikarane i Os er travle, men vi har vore heldige og fått tak i Kim Eirik Midtseter på piano. Lyd og lys tar Andreas Lekven seg av, sminkør og sufflør Jenny Kristoffersen er også med og hjelper til, seier Linda på vegne av seg sjølv og teaterpartnar Finn Erik Moberg.

Nykomarar med influensa
Med det praktiske på plass gjenstår det viktigaste, skodespelarane. Ei annonse i august fekk rundt 20 til å søkja. Os Revy- og Teaterlag har tatt ut 14 til denne framsyninga.

- 13 av dei er heilt nye på scenen, noko som sjølvsagt har gjort at det har blitt ekstra mykje øving. Dessverre sette svineinfluensaen ein del av dei ut av spel i periodar, førre veke var første gong sidan september at alle var på øving samstundes.

- Kva er det første du lærer ein ung, fersk skodespelar?

- Å bevega seg. Vi har dansa etter- og sunge med på kjente barneviser, hatt teatersport, øvd på å snakka høg og tydeleg og på å bruka energi til rett tid.

Det tok tre veker å ta ut rollene. Men kva har vore det vanskelegaste?

- Å læra at sjølv om du ikkje har replikk i ei scene, så er du likevel på scenen. Det er lett å gløyma seg når hovudfokuset er hos andre skodespelarar. Men du veit aldri kven publikum ser på, seier Linda Andersen.

Skodespelarar:
Sanne Moesgård, Isabell Furhovde, Mia Rød, Martha Moberg Rosland, Julia Wold, Mariell Søfteland, Dina Boge, Solveig Balland, Kristin Hjartåker, Julie M. Andersen, Oda H. Skorpen, Pernille H. Kollen, Marthe S. Hansen og Andrea Søfteland.

Førstkomande torsdag er det generalprøve. «Desembergata 24» blir vist 8 gongar før jul, 4 av dei til barnehagar, 4 av dei opne for kven som helst.

Framsyningar i Fjellheim
Sundag 6. desember kl 15 og 18
Sundag 13. desember kl 15 og 18
Billettar blir selte på stand på AMFI Os 5. desember, og i døra (kr 100/60).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.