Fotball | 24. nov. 2019

Klar for OBOS-ligaen!

Kolskogen, Lassen og resten av Åsane sikra opprykket i dag.

Klar for OBOS-ligaen!
Kolskogen og Lassen, her i NM-runde mot Os i fjor, rykte i dag opp med Åsane. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 24. nov. 2019 15:38

Åsane slo Notodden 1-3 på bortebane. I returoppgjeret på heimebane i dag enda det 2-2.

Med 5-3 samanlagt har Åsane sikra comeback i OBOS-ligaen.

Osingane Ole Martin Lekven Kolskogen og Simen Helland Lassen spelte frå start og heile kampen.

To raude kort

Notodden var frampå frå start, og gjekk opp i 0-1 i 6. minutt.

Joakim Hammersland utlikna i 20. minutt, men gjestane gjekk opp leiinga igjen fem minutt seinare.

1-2 sto seg til pause. På overtod av første omgang fekk Alfred Sankoh på Notodden sitt andre gule kort.

Hammersland utlikna nok ein gong i 80. minutt og 2-2 sto seg kampen ut.

På overtid blei òg Henrik Gustavsen utvist, og Notodden spelte dei siste sekunda med 9 mann.

Viktige bidragsytarar

Kolskogen og Lassen har spelt 24 og 28 kampar for Åsane i år, inkludert kvalifiseringskampane.

Laget landa på 2. plass i serien.

Tidlegare i november slo dei Kvik-Halden, som landa på 2. plass i avdeling 1. Åsane vann 1-2 borte og 2-0 heime.

Notodden landa på 14. plass av 16 lag i OBOS-ligaen, og klarte ikkje å hindra nedrykk i to rundar mot Åsane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.