Lokal | 22. jan. 2013

Klar for quiz

Onsdag 23. januar skal 10. klassingar frå Os ungdomskule og Søfteland skule i elden då dei skal konkurrera i Klassequizen på NRK Radio.

Klar for quiz
Deltakarane i Klassequizen frå Os ungdomskule. Frå v: Mats Richard Engelsen (10B), Amalie Haukås (10D), Ingunn Rognsvåg (10B)  og Vegard Vetvik Oldsvold (10D). Foto: Kari Marie Austevoll Lyssand.
Kari M. Lyssandtysdag 22. jan. 2013 14:22

Klassequizen er ein nasjonal konkurranse for alle 10. klassar, og til saman har 316 skular meldt seg på konkurransen.

I Os er det Os ungdomskule og Søfteland skule som er med.

- Frå Hordaland er det 18 skular med frå heile fylket, fortel Borghild Borgen, inspektør ved Os ungdomskule.

Intern konkurranse

Sidan det berre er tre elevar (og ein reserve) som får representera skulen sin har Os hatt ein eigen konkurranse på skulen.

- Vi har hatt to omgangar der dei fire-fem beste i kvar klasse gjekk vidare til skulefinale.

- Dei fekk spørsmål i alt frå historie og sport til samfunnsfag og dagsaktuelle hendingar, seier Borgen.

I skulefinalen vart dei fire elevane med best resultat dei som skal representera Os ungdomskule.

Får besøk av NRK

Det blei Ingunn Rognsvåg (10B), Vegard Vetvik Oldsvold (10D), Amalie Haukås (10D) og reserve Mats Richard Engelsen (10C).

I morgon brakar det laus, då kjem ein programleiar frå NRK Hordaland på skulane for å stilla elevane spørsmål.

- Gler de dykk?

- Ja men vi er litt spente og, seier elevane med eit smil.

Første del av Klassequizen konkurrerar klassane innan kvart fylke, og dei to klassane med høgast poeng går vidare til fylkesfinalen i februar.

Vinnaren av fylkesfinalen får 5000 kroner til klassekassen og tur til landsfinalen i Oslo.

Finalen går på TV

Klarer dei å komme heilt til finalen i Klassequizen så blir elevane å sjå på NRK1 laurdag 11. mai, og programleiaren er Solveig Hareide (kjent frå barne-TV programmet Kosinus og Newton).

- Har de forberedt dåke godt til i morgon?

- Nja..., seier elevane og trekk litt på det.

- Dei treng ikkje det for dei har jo alt i hodet, skyt inspektøren kjapt inn.

Høyr korleis det går med elevane på NRK P1 i morgon.
Søfteland skule er først ut og på lufta mellom klokka 08:30 og 09:00, medan elevane frå Os høyrer du cirka klokka 15:00-15:30.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.