Kultur | 15. nov. 2019

Klar for semifinale og direktesendt TV

I kveld kan du sjå på - og stemma på - Jonatan Brekke i Norske Talenter.

Klar for semifinale og direktesendt TV
Trikseduoen Jonatan og Marius i Oslo torsdag. (Privat foto)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighfredag 15. nov. 2019 07:46

Bur du på Hjelle kan du ofte høyra lyden av ein ball som vert pakka i timesvis. Dette er lyden av Jonatan Brekke som trenar på freestyle-fotball.

Allereie i vår starta opptaka til det som no er den tiande sesongen av Norske Talenter på TV2. Seint i august vart det klart at Jonatan, saman med kompisen Marius Digranes frå Bergen, hadde klart å triksa seg til TV-tid i det populære programmet.

I den innleiande runden hausta dei gode tilbakemeldingar frå dommarpanelet, beståande av; Mia Gundersen, Bjarne Brøndbo, Janne Formoe og Mona Berntsen.

I neste runde hadde Jonatan og Marius teke utfordringa frå dommarane om å bli endå meir synkroniserte, og på ny imponerte dei dommarane. Dermed var dei sikra plass i dei direktesendte semifinalane.

– Kjem nok til å kjenna på nervene

Kvelden før kvelden kan Jonatan fortelja at torsdagens prøver gjekk bra, og at nervene er framleis ganske så på plass.

– Prøvene gjekk bra, og det nye nummeret vårt sit ganske godt.

– Vi er ikkje så nervøse akkurat no, men i morgon kjem vi garantert til å kjenna på nervene, ja.

Nytt program

I kveld klokka 20 kan du altså sjå på, og stemma på, Jonatan og Marius. Ni deltakarar kjemper om ein plass i finalen i kveldens sending.

Det heile går føre seg i H3 Arena på Fornebu i Oslo, og med seg har Jonatan og Marius eit heilt nytt trikseprogram.

Gutane drog til Oslo allereie onsdag, og gårsdagen gjekk med til prøvar og litt sightseeing i hovudstaden.

Gullknapp

Deltakaren med flest publikumsstemmer går videre til finalen. Nytt denne sesongen er at dommrane har moglegheiten til å trykka på gullknappen éin gong kvar i løpet av de seks semifinalane.

Dommarane får dermed senda totalt fire deltakarar direkte til finalen den 13. desember. I finalen vil ti deltakarar kjempa om sigeren.

I den første semifinalen fekk Rebecca Nøstrud Isaksen gullknapp av Mia Gundersen, mens Quick Style Youth fikk flest publikumsstemmer. I den andre semifinalen fekk dansegruppa MK gullknapp av Janne Formoe, mens Adam Gryting fikk flest publikumsstemmer.

Desse skal Jonatan og Marius konkurrera mot i kveld:

Rune Olsen (48 år) aka «Mr. Olzen One Man Blues Band» fra Sandnessjøen/Fredrikstad: One man band

Peder Angel (15 år) fra Røros: Sang

Sondre Tarud (23 år) aka «Salty» fra Oslo: Dragartist

Ali Eibo (19 år) fra Elverum: Popping

Robin med venner (Robin Morken 14 år) fra Oppdal: Folkemusikk

Kristine Jacobsen (46 år) fra Nesodden: Sang

FBUT (Fredrikstad barne- og ungdomsteater) fra Fredrikstad (8-19 år): Musikal/teater

Tobias Eikrem-Råmkes (10 år) fra Vevang: Piano

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.