Kultur | 29. juni 2016

Klar for show - og spa på Solstrand

I ettermiddag brakar det laus med Ausekarane på Os kai. Her fortel Bjørn Jensen om dei fire nye låtane.

Klar for show - og spa på Solstrand
Bjørn Jensen er på plass i Os hamn. I kveld er det show med Ausekarane. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 29. juni 2016 12:50

Etter premiere på Steinestø torsdag går det slag i slag med show kvar kveld fram til 16. juli.

Bjørn Jensen, Tor Endresen og resten av Ausekarane klappa i dag til kai på Os, klokka 18.30 er det show om bord på ferja Showline.

Låser seg inne på ferja

Ausekarane er i år på tur for tiande gong. I vinter har Jensen og Endresen vore opptatt med kvar sine ting, Jensen med Vinskvetten, Endresen med kyrkjekonsertar.

– Vi plar låsa oss inn på ferja når vi skal skriva nye låtar og setja opp det komande showet med Ausekarane. Då jobbar vi ei lita veke utan kontakt med omverda.

– Går det fint å få Endresen justert over frå kyrkje- til Ausekarane-modus?

– Det heng nok alltid litt i han, etter så mange år med Rune Larsen, og det hender at han synest eg blir for dryg. Men det kan ikkje eg ta omsyn til, eg køyrer på mitt, så får han heller ta avstand frå det etterpå, seier Bjørn og smiler lurt.

Fire nye låtar

Det var full ferje og tre ekstranummer då Ausekarane var i Øyane (Vedholmen i Os) i fjor (sjå video).

Då hadde dei blant anna med seg den nye songen til oselvaren og sommarhiten «Fin i bikini» (sjå video).

– I år har vi laga fire nye låtar, blant anna «Dans», som handlar om det å dansa, hoppa og spretta, kvitta seg med litt flesk.

– Og så har vi ei låt som heiter «Glutenfri og fin», litt om kontrastane mellom før, då det skulle vera litt å ta i, og no, når alle skal vera så sunne. Inkludert trommespelaren vår.

Jensen har òg ei cowboylåt.

– Når eg ser kva publikum desse countrysongarane har så måtte eg nesten prøva meg. Tor har ei anna låt, litt meir seriøs, om det å lengta, om korleis sjøfolk lengtar heim, men når dei er heime lengtar ut igjen.

Tar natta på Solstrand

– No kjem snart kona og ungane og hentar meg, så vi får sjekka inn på Solstrand, seier Bjørn Jensen frå Ausekarane.

– Det plar vera fast prosedyre det, med ei overnatting på Solstrand når vi er i Os. Det er fint å bada der.

– Så alle får vaska seg?

– Ja. Og det er nok eg som treng det mest.

Ausekarane kjem tilbake til Os på laurdag, men då på Vedholmen Landhandel i Øyane.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.