Sport | 27. juli 2012

Klar for sitt fjerde OL

Elin Austevoll er på plass i London. Klar for sitt fjerde OL. Det tredje som ekspertkommentator for NRK.

Klar for sitt fjerde OL
Elin Austevoll er klar for OL. Her på heimebane i Osbadet (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrefredag 27. juli 2012 13:30

Erik Tysse er ikkje den einaste osingen som deltek i London-OL denne sommaren. Elin Austevoll er allereie på plass i OL-byen som ekspertkommentator i symjing for NRK. Sidan ho sjølv deltok i Atlanta i 1996, har ho vore kommentator to gongar tidlegare (Sydney i 2000 og Beijing i 2008) for statskanalen, men det er første gong ho sitt ved bassenget og kommenterar på direkten.

- Dei to første gongane har vi kommentert symjeøvelsane frå studio i Oslo. Difor er det veldig kjekt å no få vera her og kommentera direkte frå symjehallen, fortel Elin Austevoll.

Møtte fakkelstafetten

Eksperten frå Os kom til London i går og hamna rett i OL-stemning.

- Eg skulle berre ta ein liten tur og sjå på byen i går og hamna tilfeldigvis midt oppi fakkelstafetten utanfor Buckingham Palace.

Etter den kjappe sightseeinga bar det rett på jobb og førebuingar til sendingane.

- No har vi fått organisert og ordna oss så no er vi klare. Om ein times tid reiser vi til symjehallen for å gjera dei siste førebuingane der, fortel Austevoll på telefon frå London.

Sommarjobben

Austevoll jobbar til dagleg i Statoil og nyttar sommarferien som ekspertkommentator. Saman med Ove Eriksen i kommentatorboksen og Line Andersen i mixed-sone skal Elin følgje symjeøvingane den veka dei pågår.

- Du kan godt si eg har fått meg sommarjobb ja, ler ho.

I OL si første veke skal ho vera del av det 60-70 manns store korpset til NRK som skal syte for å formidla øvingane og stemninga frå OL-byen.

Første oppdrag blir å vera med i OL-studio på NRK1 (omlag kl 19.30) før opningssermonien i kveld for å vurdere symjerane sine sjansar.

- Ja, kva trur du om sjansane?

- Det er tre forskjellege typar vi har med. Lavrans (Solli, journ.mrk) er med for å læra og få kjenne på alt ståket som det er i eit OL. Han satte norsk rekord i EM nyleg, klarar han å forbetre den skal vi vera svært nøgd.

- Ingvill Snildal er regjeranda europameister på 100 meter butterfly, men ho må nok forbetra seg betydeleg skal ho nå opp her borte. Om ho tek seg til A-finale blir eg strålande nøgd.

- Den siste er Sara Nordenstam. Ho tok bronse i Beijiing og har moglegheiten også denne gongen på 200 meter bryst.

- Sara er veldig flink til å vera best når det gjeld og nivået på 200 meter har ikkje heva seg så mykje sidan sist, men det er frykteleg jamnt så det kan bli alt frå medalje til åttande plass, vurderar eksperten frå Os.

Blir ekstremt spesielt

Elin Austevoll kjende Alexander Dale Oen godt og hadde sett fram til å kommentera han i bassenget.

- Det er veldig spesielt at Alexander ikkje er her. Ikkje minst 100 meter brystfinalen på sundag blir ekstremt spesiell.

- Då kjem vi nok til å snakka om Alexander, men ellers har vi diskutert det eindel og kome fram til at vi skal fokusera på det sportslege.

- Korleis det at Alexander ikkje er lenger vil prega utøverane i bassenget er eg litt spent på, men den beste måta å heidre minne hans er å halde fokus på oppgåvene og å gjera det beste ein kan. Det veit alle med 100% sikkerhet at ville ha vore Alexander sitt ønskje.

Annerleis oppleving

Då Elin Austevoll deltok i Atlanta-OL var alt lagt til rette for at ho skulle prestera best mogleg i bassenget.

- Det å vera utøvar under OL var luksus. Då slapp vi tenke på nokon ting. Kor vi skulle eta og korleis vi skulle koma til arenaen var teke hand om av arrangørane.

- No må vi ordna litt meir sjølv. Berre det å koma seg til arenaen fem kilometer unna tek minst ein time med offentleg transport, fortel Austevoll som storkosar seg med teamet frå NRK.

Ein av tre frå arenaene

Symjing er ein av tre idrettar NRK kommenterar direkte frå OL-arenaene. Dei andre er handball og friidrett, kor Mia Hundvin, Øystein Havang og Vebjørn Rodal er ekspertkommentatorar.

- Det var vel det at vi trudde vi skulle dekkje ein av gullkandidatane med Alexander som gjorde at symjing blei ein av dei idrettane som blir kommentert direkte frå London.

- Når NRK vel å halde på den planen er det nok eit signal om at dei satsar på symjing. I mai kjøpte dei nemleg rettane til alle dei store meisterskapa dei komane fire åra, fortel ekspertkommentatoren som delar rom med kommentarlegenden Unni Annisdahl (tilbake som handballkommentator på NRK radio etter tre år som pensjonist).

- Så no blir det reise verda rundt på deg då?

- Nja, vi får no sjå korleis dei vel å dekkje dei komande meisterskapa. Akkurat no gler eg meg stort over å vera her og har det kjempegøy med teamet, smilar Elin.

- Korleis har du førebudd deg til OL?

- Eg følgjer om med på symjing heile tida, så det grunnleggande kan eg jo.

Kontakt med miljøet

Sjølv om ho generelt har god oversikt har det blitt litt ekstra research den siste tida.

- Eg har nytta den siste tida til å snakka med folk. Etter at dei sosiale media kom har det blitt enklare å få med seg oppdateringar og statusar på form og anna.

- Spesielt i det amerikanske symjemiljøet har eg mange vener og kjende som har hjelpt meg med informasjon den siste tida, avsluttar Elin Austevoll.

Allereie laurdag klokka 11 er Elin Austevoll i gang med kommenteringa då dei første innleiande heata tek til, først på NRK sin nettkanal OL2 før ho på kvelden kommenterar finalane på NRK 1.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.