Sport | 11. jan. 2013

Klare for gulldag!

Laurdag spelar HU-laget til Os Turn heimerunden i årets Gullserie i Oshallen. - Vi håper på mykje folk og stor stemning, seier trenar Marit Henriksen.

Klare for gulldag!
Gullserielaget til Os gler seg til å spela på heimebane laurdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 11. jan. 2013 10:14

For 17 år sidan starta Os Turn eige handball-lag for utviklingshemma spelarar og tel i dag 15 spelarar frå Os og Fusa.

- Vi har framleis spelarar på laget som var med då vi starta opp, fortel Marit Henriksen som saman med Grethe Søviknes er trenar.

Kampane organiserast i den sokalla "Gullserien" kor laga møtast til serierunde omlag ein gang i månaden.

- Resultata har kanskje ikkje vore dei heilt store sålangt i serien, men spelarane kjempar hardt og skårer mykje mål.

- I tillegg har vi, som damelaget til Os, ein god målvakt, skryt Henriksen.

Satsar på to sigrar

Henriksen håper den resultatmessige endringa kjem laurdag når dei møter Sotra og Sandviken.

- VI håpar på to sigrar, men realistisk sett er det nok Sandviken vi kan slå.

- Sotra stiller eit ungt lag med raske spelarar, som nok er på eit anna nivå enn dei fleste andre spelarane i serien, innrømmar Henriksen.

Os spelar sine kampar klokka 11.40 og 15.40, men allereie frå klokka 11 er det full aktivitet i hallen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.