Sport | 11. mars 2014

Klare for kvalik

Volleyballjentene til Søre Neset klare for kvalifiseringskamp for opprykk til 2. divisjon.

Klare for kvalik
Søre Neset-jentene kunne jubla for sigeren etter ein tett og tøff kamp mot Bryggen måndag (arkivfoto: Wim Hetland)
Andris Hamretirsdag 11. mars 2014 08:02

Det blei på mange måtar ein ekstremkamp då Søre Neset Volleyball tok i mot Bryggen i siste serierunde heime i Oshallen måndag kveld. Allereie før kampen var Søre Neset-laget klare for kvalifiseringsspel til 2. divisjon, men jentene ville avslutta seriespelet med stil.

– Det blei fleire ballvekslingar på tre - fire minutt, noko som er ekstremt lenge i volleyball.

– Vi visste at Bryggen er kanongode i forsvar, men dei er vesentleg eldre enn oss, så vi hadde som taktikk å slita dei ut.

– Utover i kampen såg vi at vi lykkast med taktikken. Dei gjorde fleire personlege feil, men sigeren satt langt inne, fortel assistenttrenar Morten Asphaug.

Dårleg mottak avgjorde

Søre Neset tapte første sett 17-25, vann andre og tredje 25-18 og 25-20 før fjerde sett blei jamt heilt inn.

På stillinga 24-23 sørvar Søre Neset. Det elles så gode Bryggen-forsvaret tek eit dårleg mottak kor ballen går i ryggen på medspelar i staden for over nettet og Søre Neset kan jubla for nok ein siger.

– Vi startar kampen som vi alltid gjer, med Søre Neset-syndromet. Vi heng rett og slett ikkje med.

– Mellom setta tar vi tak og kjem tilbake i 2. settet, kor vi har god kontroll.

– I tredje settet byrjar taktikken å fungera. Bryggen byrjar å gjera personlige feil som følgje av at dei byrjar å bli slitne.

– Det siste settet har vi god kontroll på, men vi rotar litt i periodar.

– Vi er eit ungt lag, så innimellom slår nervene litt inn. Ved hjelp av timeoutane, kor vi får roa oss litt ned, klarer vi å dra det i land, fortel Asphaug.

Mykje byttar

Med heile fire innbyttarar blei det mykje byting på Søre Neset.

– Det er kjedeleg å sitja på benken, så vi valde å la alle få godt med speletid.

– Det var nok òg med på å gjera at det svingte såpass som det gjorde gjennom kampen, trur trenaren.

Håper på fullt hus

Volleyballjentene frå Os og Fusa trekk mykje publikum på heimekampane. Måndag var det 35 som fekk med seg oppgjeret mot Bryggen.

– Det er ikkje mange lag på dette nivået som har like mykje publikum. Vi må berre få takka Os og Fusa-folket som stiller seine mandagskvelder for å heia på oss.

– No håper eg enno fleire tek turen i Oshallen førstkomande måndag klokka 20.30 når vi speler første kvalifiseringskamp.

– Motstandar er serievinnar BSI 2. Det blir ein tøff kamp, men vi har tatt sett mot dei før. Har vi dagen, så skal vi klara det igjen.

Reknar med tett kvalifisering

Dei to andre kvalifiseringskampane går mot Nyborg 2 og Kvernbit på bortebane.

– Det blir også tøffe kampar, men vi har slått dei begge, så sjansen er så absolutt der for å klara opprykket.

– Vi må berre ha trua og dagsformen så skal vi klara det, avsluttar Morten Asphaug.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.