Vartun oppfølgingssenter held salsutstilling av gatekunst i kveld. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)

Klare for utstilling!

Midtsiden fekk snikpremiere på salsutstillinga til Vartun som opnar i kveld.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Osablod Grønvigh

Gatekunstprosjektet som Vartun oppfølgingsteneste har jobba med vert markert med salsutstilling i Vognhallen i kveld.

Under utstillinga vert det òg konsert med artist og sjukepleiar Marthe Valle. 

Skal ein tru responsen på sosiale media, kan det verta trangt om plassen i Vognhallen om nokre timar.

Frå 50 til 50.000

Tilsett ved Vartun, Johanne Rotvik fortel at om lag 40 ulike verk vert stilt ut.  Desse varierer frå store måleri til mindre trykk. 

– Frå Vartun si brukargruppe finn du 12 utstillarar. I tillegg kjem verka frå dei profesjonelle gatekunstnarane, fortel Rotvik.

Rotvik fortel vidare at du kan kjøpa deg gatekunst for 50 kroner, men du kan òg skaffa deg kunst til 50.000,- i Vognhallen i kveld.

– Nokre av verka kjem til å bli auksjonert vekk, då ikkje i ein klassisk auksjonsform, men som ein stille auksjon kor du legg i bod på ei liste, avsluttar Rotvik. 

Overskotet frå kveldens salsutstilling går til CRUX, Styve Gard oppfølgingsteneste. 

Fleire saker