Lokal | 22. okt. 2019

Klart for høg rosafaktor

I kveld vert det rosa moteshow når Madam Ane inviterer til jentekveld i Tunet.

Klart for høg rosafaktor
I kveld vert det rosa jentefest i Tunet. Her frå arrangementet i fjor. (Foto: Tove Tvedt Skarstein) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 22. okt. 2019 08:11

– Vi er jo inne i den rosa månaden, og dei fleste har vel allereie fått med seg alle bh-ane som heng rundt i sentrum.

Dette seier arrangør Tove Tvedt Skarstein frå Madam Ane.

Tove fortel at det framleis er mogleg å skafa seg ein billett til kveldens show, og det kjem ikkje til stå på kortreiste opplevingar for dei som tek turen.

Eirik, Jan og Olav kjem

– Kveldens konferansier vert Eirik Søfteland, seier Tove.

– Til å underhalda oss har vi fått tak i tospannet Jan Haaland og Olav Skorpen.

Tove fortel at Osøyro Kolonial òg kjem på scenen for å presentera bedrifta si.

– Her kan det faktisk dukka opp ei overrasking eller to, har eg fått høyra.

Kortreist hovudrett med gåvedryss

Kveldens høgdepunkt for mange vert nok moteshowet.

Her vil eit knippe lokale modellar visa fram dei siste motane og trendane frå Instinct Menswear, T. Moberg Sko, Interoptikk Bakketeig og Madam Ane, fortel Tove.

– Vi avsluttar jentekvelden med eit gåvedryss kor premiane er flotte og vinnarsjansane er gode.

Overskotet frå kveldens jentekveld går til den nystarta Bjørnafjorden Brystkreftforening. Tove fortel at foreininga sjølv vil vera til stades med representantar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.