Lokal | 19. sep. 2019

Klart for teater i Oselvarnaustet

På måndag kan du sjå framsyninga «Morgon og kveld» i Oselvarnaustet - og det gratis.

Klart for teater i Oselvarnaustet
På måndag vert det teater i Oselvarnaustet. Innfelt er skodespelar Stig Amdam. (Foto: Øystein Klakegg/ Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 19. sep. 2019 12:28

Hordaland Teater er i desse dagar på turné med framsyninga «Morgon og kveld».

Basert på Jon Fosse si roman med same namnet frå 2001, er stykket er ein monolog, framført av Stig Amdam.

Såg etter røffe kystkulturmiljø

Informasjonsleiar ved Hordaland teater, Irene Smørdal, fortel at valet av Oselvarnaustet som spelestad fell fint inn i rekkja med andre spelestadar for stykket.

– Vi hadde lyst å spela i litt røffe kystkulturmiljø, som store naust eller forsamlingslokale nær sjøen. Vi trur dette vil setja ein ekstra dimensjon til framsyninga og bli fint for publikum.

– Då vi fekk kontakt med Os kommune og kultureininga fann vi i fellesskap ut at Oselvarnaustet passa godt, og etter ei befaring var vi ikkje i tvil.

Kan de vera aktuelt med fleire arrangement i Oselvarnaustet i framtida?

– Det kan det absolutt. Monologar og små musikalske program kan passa godt her.

– Men det kan vera litt kaldt i lokalet, så folk må vera budd på å kle seg godt, seier Smørdal.

Kjøpte heile framsyninga

– Korleis går det med billettsalet?

– På Os har kommunen faktisk kjøpt heile framsyninga, og dei vil tilby denne til publikum i gratis.

– Her vert det rett og slett «første mann til mølla-prinsippet» som gjeld.

– Vi opnar dørene 20 minutt før framsyninga startar, så her må folk vera om seg for å få plass, seier Smørdal.

Stykket er regissert av Terje Skonseng Naudeer og dramatisert av Hildegun Riise.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.