Klarte cut'n
Solveig Helgesen, Alexander Heggland og Øystein Engevik er vidare i golf-NM etter to runder på Bogstad golfbane.
Bjørnefjorden golfklubb har med fem spelarar i det individuelle noregsmeisterskapet på noregs eldste golfbane, Bogstad i Oslo.
- Det er Alexander og Øystein som har det største potensialet, meinte Sverre Marcelius frå Bjørnefjorden før avreise tysdag morgon.
Les óg: Rykte opp til eliten
Og Sverre fekk rett. Alexander Heggland og Øystein Engevik klarte fredag cuten og får vera med dei to siste rundene laurdag og sundag. Dei ligg på delt 37. plass sju slag over par. Leiar gjer Lars Michelsen frå Losby golfklubb åtte slag under par.
Trenar på Bjørnefjorden, Sverre Marcelius låg godt ann etter første dag, berre tre slag over par. Fredag blei det ytterlegare åtte slag for mykje og ein 62. plass.
- Eg må spela mitt aller beste om eg skal hevde meg, meinte Marcelius tidlegare i veka.
Siste herrespelar er junioren Anders Engelsen som imponerte stort i lag-NM førre helg. Turneringa mot noregs beste seniorar blei tøff. Engelsen brukte tjue slag over par og må gje seg etter to runder på 91. plass av dei 98 deltakarane. Kun dei femti beste får spela finalerundane.
Solveig inne, ute, inne
Einaste jente frå Bjørnefjorden som deltek i NM er regjerande noregsmeister Solveig Helgesen. Forventningane før turneringa var nok ikkje dei heilt store då mykje av sesongen har blitt øydelagt av kyssesjuke.
- Eg er spent på om Solveig har krefter til å spele alle dei fire rundene på det nivået vi veit ho kan.
- Ho er nok meir ein outsider enn favoritt.
For dei som følgte turneringa på nett eller ved banen fredag blei det spennande å følgje Helgesen på dag to. Først på sluten blei det klart at ho kom seg vidare til finalerundane, åtte slag over par. Lenge låg nemleg cuten på sju slag over par, men den enda tilslutt på ti over par.
Kun dei femten beste av jentene får spela finalen. Jeanette Marita Engzelius frå Oslo golfklubb leier etter dag to åtte slag under par.