Handball | 14. nov. 2022

Klarte ikkje å henta inn igjen det tapte

Os «vann andre omgang», men det var ikkje godt nok til siger.

Os-forsvaret, her heime mot NHHI i september. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. nov. 2022 08:54

Os slo førre helg Bergen på bortebane i sin første kamp på seks veker, og tok laurdag imot Kjøkkelvik i Oshallen.

Kampen starta jamt, men Os gjekk frå 4-5 til 5-11 og 9-16 til pause.

Luka vaks i starten av andre omgang, men Os henta seg inn til 23-26 i 23. speleminutt.

Det blei også det nærmaste dei kom, kampen enda med 25-31-siger til Kjøkkelvik.

Ayleen A. Hagen blei Os sin toppskårar med 9 mål.

Os speler også neste kamp på heimebane. Den går mot Viking på 3. plass torsdag 24. november.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.