Sport | 20. aug. 2018

Klas Færøvik vann Askøy på Langs

37 km i terreng: – Mitt beste løp etter NM-gullet i 2016.

Klas Færøvik vann Askøy på Langs
F.v.: Peter Arnoldsen, som deltok i fullt maraton, Klas Færøvik og Jørgen M. Austvik. (Foto: Anders Totland/Askøyværingen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. aug. 2018 12:12

Terrengløpar Klas Færøvik (48) kom laurdag på 1. plass i 37 kilometer lange «Askøy på langs».

– Eg er stolt over å dela førsteplassen med ein klasseløpar som Jørgen M. Austvik, seier Klas etter at dei to kom over målstreken til identisk tid og delt siger.

I regn og vind, i gjørmete løype, klatra Klas frå 6. plass i fjor til 1. plass og 20 minutt betre tid i år. I tillegg var han i ein heilt annan form etter målgang.

– I fjor var eg øydelagt etter målgang, eg brukte over ein time på å koma meg frå liggande stilling og opp i ein stol. No kjentes det nesten ut som om eg kunne tatt løpet éin gong til.

Gjorde kvarandre gode

22 år yngre Austvik vann i fjor. I år blei det ein form for samarbeid, eller som Askøyværingen skriv; «Vinnarduoen som fann kvarandre i løypa».

– Vi var ein liten gjeng på ti løparar som stakk frå resten av dei 300 deltakarane. I skog og fjell gjorde eg det bra, men på sti og grusa veg stakk ungdomen litt ifrå. Til slutt var eg og Jørgen ganske åleine i tet.

– Etter eit stykke såg eg at han sleit, og han sa han vurderte å gje seg. Då foreslo eg at vi kunne gjera kvarandre gode, at eg drog i terrenget og han på flat veg.

Klas delte på spesialfôret «frå heimbygda» (Vestlandslefse og Herbalife), og dei to heldt farten oppe. I tillegg kom ein av dei 70 som var påmeldt i fullt maraton med på laget.

– Dei som samlar på maraton-trofé har same løype, men køyrer nokre «strafferundar» etter målgang for å få notert sine 42,2 km. Peter Arnoldsen er ein sterk løpar, og han blei med oss inn mot målgang, sjølv om han skulle vidare.

Høg snittfart

Austvik og Færøvik kom i mål på 03.24,37, Anders Dræge tok 3. plass på tida 03.36,29.

• Sjå komplett resultatliste på eqtiming.no

– Det var vanskelege forhold, likevel klarte vi å halda ein snittfart på 11 km/t i over 3 timar. Starten gjekk veldig fort, vi låg lenge over 15 km/t.

– Dette er nok eit av mine best gjennomførte løp, og resultatet eg set høgast saman med NM-gullet på 3000 meter i 2016, seier Klas.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.