Sport | 14. mars 2011

Klatra på rankingen

Øystein Engevik avslutta tredje turnering på Ecco Touren med 15. plass og klatring på poenglista.

Klatra på rankingen
Andris Hamremandag 14. mars 2011 12:41

Golfproff Øystein Engevik frå Bjørnefjorden Golfklubb har dei siste vekene vore i Spania for å spela på Ecco Touren.

- Ecco Touren er den touren eg satsar på å spele i år, seier Engevik.

I løpet av snaut tre veker har Engevik spelt tre turneringar og klart cuten (bli kvalifisert til finalerunden) på alle tre.

Dei første kronene

Turneen starta med Backtee Spanish Open på La Manga.

Engevik låg 5 over par etter dei to første rundene, noko som holdt akkurat til å klara cuten.

- Den siste runden går eg ein over par noko som held til ein delt 35. plass og dei første kronene inn på konto, smilar golfproffen.

Og pengane er viktig på Ecco Touren. Kven som får spela finalerundane på Himmerland Golf & Country Club i Danmark når ein kjem til byrjinga av oktober er styrt av kor mykje pengar ein har klart å spele inn i løpet av våren/sommaren.

- På Himmerland ligg det 1 million danske kroner i premiepotten. Den har eg lyst til å vera med å kjempa om.

Mykje vind

Del to av Øystein sin turné gjekk på Ecco Spanish Open førre helg. Turneringa gjekk som den første på La Manga.

Igjen spelte Øystein solid golf og klarte cuten etter å ha gått eit slag under par på den andre runda.

Finalerunden endar med med to over par og ein delt 32-plass, totalt fire slag over par.

- Det var vanskelege speletilhøve med mykje vind.

- Grunnslaget mitt gjer at ballen går ganske høgt, men eg har jobba med å få til ei lågare ballbane når det trengs. Det følar eg at eg klarte her nede, fortel Engevik.

Klatra 17. plassar

I den tredje turneringa på La Manga klarar Øystein igjen cuten, etter to rundar på 75 slag.

I finalerunden slo han til med ei 71-runde, to slag under par og klatra dermed frå delt 32. til delt 15. plass.

- Det kunne fort vert enda betre, men det var utruleg vanskelege speletilhøve.

- Det har regna mykje, samstundes som vinden har teke godt tak. Då er det greit å vera vant til skikkeleg vestlandsvêr, smilar golfproffen.

Ei av utfordringane golfproffen fekk var at greenane var mjuke og vanskelege å spela inn på på grunn av alt regnet.

- Normalt når eg slå inn på greenane så blir ballen liggande omtrent der han landar. Her nede kunne ein oppleva at ballen hamna fem - seks meter frå der han landa på grunn av backspinn på ballen, forklarar Engevik.

- Når det i tillegg var nivåforskjell med fleire platå på greenane kunne ein fort bli straffa. Men eg synest eg beherska tilhøva greit.

Heim for å trena

Med den sterke 15. plassen klatra Engevik tilsvarande mange plassar på ranking og ligg no på 30. plass med snaut 6000 danske kroner innspelt.

- Neste turnering er i Danmark 4. til 6. mai, så no kjem eg heim for å trena i kjente omgivningar.

- Eg kjem til å nytta meg av dei fasilitetane som finns på Vestlandet, så det blir nok noko trening på Bjørnefjorden, men nokre turar på Meland blir det nok òg, avsluttar Øystein Engevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.