Fotball | 09. juni 2024

Klatra tre plassar på tabellen

Lysekloster kjempa mot ti mann den siste timen.

Klatra tre plassar på tabellen
Dang skåra på straffe i dag. Her då han gjorde det same i 6-1-siger over Lillestrøm 2 i fjor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 09. juni 2024 16:02

Det var 8. plass mot 12. plass (av 14 lag) då Lysekloster i dag spelte bortekamp mot Ørn Horten.

Lysekloster har hatt ein ganske god vår i comebacket i 2. divisjon, og låg på 5. plass før heimetapet for Hødd førre helg.

I dag var dei på sporet igjen, og vann 2-0 over Ørn Horten.

Det sto 0-0 fram til Alexander Dang i 37. minutt skåra på straffe. Vertane fekk i samband med det idømte straffesparket ein spelar utvist.

Trass éin mann mindre sto vertane lenge imot.

Men på overtid skåra Dang igjen. Det blei serieskåring nummer 6 og 7 på Dang i dag.

Ørn Horten - Lysekloster 0-2 (0-1)
Målskårar, Lysekloster: Alexander Dang 2
Tropp og kampfakta på fotball.no

Med dagens siger er Lysekloster tilbake på 5. plass, tre poeng bak Hødd og Jerv på 3. og 4. plass.

Lysekloster sin neste kamp går heime mot Brattvåg.

Brattvåg slo i dag Vard Haugesund 2-0, Brann 2 spelte 1-1 mot Sotra i går.

Tabell og terminliste på fotball.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.