Kultur | 27. apr. 2019

Klatrar i gradane med eige traineeprogram

Vil bli kjøpmann: Hanne Marie er ein av 13 som fekk plass.

Klatrar i gradane med eige traineeprogram
Hanne Marie B. Lyssand (t.h.) får kjøpmannutdanning på fem månadar. Her saman med butikksjef Trine Dyke på KIWI Moberg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy) 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 27. apr. 2019 08:55

Hanne Marie Børdal Lyssand er ein av 13 personar som er valt ut til eit traineeprogram som på fem månadar skal utdanna komande butikksjefar.

– Det er KIWI sin interne traineeprogram, ei utdanning dei har køyrd sidan 1996. Det er som å vera på skulen igjen, med klasserom, friminutt, lekser og oppgåver som skal leverast inn. Men det er veldig målretta og interessant, konkret og god opplæring frå bransjen eg har jobba ganske lenge i allereie.

Ho er berre 24 år, men har snart 10 års erfaring frå same butikk.

– Eg byrja å jobba i Kiwi då butikken på Moberg var heilt ny, i 2010. Det er snart ti år sidan, tida har gått utruleg fort, synest Hanne Marie.

«Handplukka» odelsjente

Regionssjef Jan Olav Mjøs fortel at traineeprogrammet er omfattande og skreddarsydd for å utdanna framtidas butikksjefar.

– Men traineeprogrammet til KIWI har ikkje plass til alle, her tar vi inn dei dyktigaste og mest ambisiøse medarbeidarane våre, seier Mjøs.

Butikksjef på KIWI Moberg, Trine Dyke, seier Hanne Marie har utpeikt seg allereie frå ho var tenåring.

– Ho har vakse opp gard på Lyssand, ho er odelsjente og ho er aktiv innan dressurriding. Seinast i fjor blei ho vestlandsmeister.

– Når Hanne Marie ikkje er på jobb så er ho i stallen eller i fjøset. Det er ei jente som ikkje kvir seg for å ta i eit tak, og som samtidig har godt humør, god ordenssans og er flink med kundane, seier Trine.

Kan gå direkte ut i leiarstilling

Traineeprogrammet går over fem månadar og består av fem samlingar med totalt 16 dagar med teori. I periodane mellom samlingane er kandidatane i praksis i kvar sin opplæringsbutikk, som skal vera ein annan butikk enn den dei elles jobbar i. Hanne Marie er tre månadar ut i programmet, og har praksisen sin hos butikksjef Heidi Bækgård Rasmussen på KIWI Laksevåg Senter.

Også Trine starta i butikk som 14-åring og har gått gradane.

– Vi hadde ikkje dette traineeprogrammet i mi tid, dessverre. Eg er glad for at dette utdanningsprogrammet har kome på plass, for dei aller fleste butikksjefane er folk som har gått gradane, og då er det like greit å setja det i system, å gi dei beste kandidatane både teorietisk og praktisk kunnskap om utfordringane som ventar ein kjøpmann.

– Kor stor er sjansen for å få leiarstilling etter endt traineeprogram?

– Den er stor. Som del av programmet skal alle ha jobb som assisterande butikksjef i ein KIWI ein eller annan stad i Noreg. Hanne Marie kjem tilbake til Moberg som min assisterande butikksjef.

– Eg har sendt medarbeidarar på dette traineeprogrammet før, som Linn Frøkedal Røen, som no er kjøpmann på KIWI Haugsneset, og Espen Rotnes, som no er assisterande sjef på nye KIWI Idrettsvegen. Opplegget fungerer.

Har utdanna 600 leiarar

I løpet av programmet lærer deltakarane blant anna om ulike varegrupper, kontorarbeid, økonomi, personalleiing, automatisk varebestilling, personalplanlegging, leiiarskap og om KIWI.

– Frå første kull i 1996 har det totalt vore over 600 personar som har gjennomført traineekurset på KIWIskolen. Totalt er omtrent halvparten av desse framleis i KIWI. Trainee-programmet er ein fin karriereveg for dei som ønskjer å bli verande i kjeda, forklarer Mjøs.

– Programmet har opp gjennom åra blitt stadig meir populært. Normalt har det vært to kull per år, men dei siste to åra har KIWIskolen måtta auka til tre kull i året. Per kull er det opptil 15 deltakarar.

– Eg er stolt over at Hanne er valt ut til å vera blant dei knappe 45 som i år tar dete programmet, seier regionssjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.