Denne gjengen frå Nore Neset ungdomsskule har plan om å halda høgt tempo over fjellet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kledd for fart

Opptur 2019: Over 200 åttandeklassingar er på fjelltur i dag.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I dag går Opptur av stabelen, Den Norske Turistforening sitt årlege arrangement for å gje fjortisane smaken på friluftsliv. I fjor var det 34.000 åttandeklassingar over heile landet som deltok.

Ved start på Kyrkjeflaten i dag, såg elevane frå Osbygda ut som om dei allereie har fått smaken på fjellturar. Dei aller fleste var godt kledde og godt skodd.

– I går var vi 31 frå turlaget gjennom løypa, saman med 12 elevar frå ambulanselinja ved Os vgs. Forholda er fine, og dei er truleg bra i dag òg, sjølv om det har snødd litt i natt, seier Jorunn Nytræ.

Det var sol og opphaldsvêr ved start, men berre 4-5 gradar. Det har òg vore fleire byger mens elevane har vore ute i løypa.

353 meter opp - 10 km i alt

Det er 14. året på rad at Os Turlag arrangerer tur for elevane ved ungdomsskulane Os og Nore Neset.

Løypa går frå Os ungdomskule til Nordmarka, Tøsdal, opp Tøsdalsskaret, til Grytestølen, vidare til Borgafjellet (353 moh) og ned ura tilbake til skulen. Løypa er cirka 10 km, og har ulike postar der elevane stemplar seg inn og svarer på spørsmål.

– Enkelte tar turen på to timar

Ein jentegjeng frå Nore Neset, kledd i løpetights og lette sko, såg ut til å ha plan om å halda høgt tempo over fjellet.

– Med skule ved rota på Liafjellet, er de skuffa for at turen går til Os og Borgafjellet?

– Ja! Neida, det går bra. Vi har vore på Borgafjellet før alle saman, og trur turen blir fin!

Nokre elevar har alternativ rute og går til Ervikane i dag, mens det er rundt 220 som går til Borgafjellet.

Når dei er tilbake på Kyrkjeflaten er det trekning av premiar.

– Dei raskaste er enkelte år tilbake allereie i 11-tida, to timar etter start, fortel John Lunde.

– Eg såg tendensane etter start i år òg, ein av elevane hadde forsprang på 50-100 meter ved gamlebrua, fortel Kåre Nytræ.

Fleire saker