Lokal | 10. sep. 2019

KLEM-planen skal no ut på offentleg høyring

Formannskapet samrøystes om den nye klima, energi og miljøplanen til Os kommune - usikre på prosessen vidare.

KLEM-planen skal no ut på offentleg høyring
Formannskapet gjekk i dag samrøystes inn for å senda Os kommune sin nye KLEM-plan ut på offentleg høyring. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh) 
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 10. sep. 2019 10:00

Det var attende til vanleg løpande drift for politikarane i dag - nokre timar etter at dei siste gjekk heim frå valvake.

På sakskartet til formannskapet stod mellom anna Os kommune sin nye KLEM-plan.

I 2017 gav formannskapet klar ordre til administrasjonen om å utarbeida ein KLEM-plan for framtida. Sakshandsamar Arne-Richard Stadaas fekk tydelege signal frå politikarane om at denne gangen skulle jobben gjerast skikkeleg.

I formannskapet i februar 2019 vart utkastet møtt med skepsis og skuffa stemning.

Helge Steinum (Ap) tykte då at planen var god, men var uroa over kor ressurkrevjande den ville vera å setja ut i live.

Marie Bruarøy (H) sa seg noko skuffa, og Eirik André Hesthamar (Frp) undra på om planen var skriven utan at den politiske styringsgruppa hadde vore kopla på i det heile, og han var tydeleg på at han hadde forventa noko kortare enn 80 sider.

Terje Søviknes (Frp) tok til orde for eit ekstra arbeidsmøte for formannskapet, kor utkastet skulle jobbast med. Dette møtet vart halde 19. mars i år.

Ny versjon - med innspel frå begge sider

Etter arbeidsmøtet har administrasjonen motteke innspel frå MDG (19. mars 2019) og posisjonen (22. mai 2019). Øvrige parti har gjeve uttrykk for å koma tilbake til saka i samband med høyringsrunden.

Søviknes måtte i dagens formannskap erkjenna at planen har drege ut i tid i forhold til ambisjonane. Han understreka samstundes viktigheita av innspela som i ettertid har kome med.

– Nokre av dei punkta vi i posisjonen kom med, er med i den versjonen vi i dag sit med, men vi har framleis lyst å vera tydeleg på at vi ser fleire punkt er kostnadskrevjande, ressurskrevjande og personalkrevjande. Det same med enkelttiltak som er retta mot andre enn sjølve kommunen og administrasjonen.

Søviknes sa vidare at opposisjonen ville stilla seg bak å leggja planen ut for høyring, men med Frp og Høgre sine innspel som vedlegg.

Kva no?

Helge Steinum (Ap) var mest undrande til vegen vidare.

– Kva er prossessen vidare? Valet var i går, kva er vidare tankegang med dette prosjektet? Skal den først vedtakast i Os, og så skal planen ha ein ny runde i Bjørnafjorden kommune etter nyttår?

Søviknes var sjølv ikkje heilt sikker, men understreka at planen er først og fremst for Os. Han var òg oppteken av engasjement i høyringsprosessen.

– Planen vil først gjelda Os-delen av den nye kommunen, og eg håper høyringa vil engasjera folk.

Kor lenge?

Nils Andres Nøttseter (MDG) byrja med å rosa administrasjonen for ein grundig jobb med innspela som kom inn frå politikarane etter arbeidsmøtet i mars.

– Men kor lang er eigentleg høyringsprosessen? undra Nøttseter. Kor lenge blir den liggjande ute?

Søviknes kunne opplysa at KLEM-planen følgjer plan og bygningslova, og vert med dette liggjande ute i seks veker.

– Det er altså ikkje meir enn tid og veg før det absolutt siste kommunestyremøtet i Os kommune, 26. november, avslutta Søviknes.

Formannskapet gjekk samrøystes inn for å leggja KLEM-planen ut på offentleg høyring, med innspela frå MDG og Frp/H som vedlegg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.