Kultur | 20. sep. 2014

Klipte piggtråden

Då Nore Neset sin musikkbinge blei offisielt opna laurdag blei det gjort på ekte rock 'n' roll-vis. Snora som skulle klippast over var erstatta med piggtråd!

Klipte piggtråden
Susan Askvik klipper over piggtråden og erklærer musikkbinga opna. (Foto: KML)
Kari M. Lyssandlaurdag 20. sep. 2014 19:29

Bildeserie:

Musikkbingen blei offisielt opna av Susan Askvik og Kjetil Osablod Grønvigh. (Foto: KML)

Dei unge medlemmane i Granateple er Martha, Erlend, Andreas, Martin og Markus. (Foto: KML)
Dei unge medlemmane i Granateple er Martha, Erlend, Andreas, Martin og Markus. (Foto: KML)
Publikum pressa seg saman for å få med seg konserten. (Foto: KML)
Publikum pressa seg saman for å få med seg konserten. (Foto: KML)
Hans Marius Johnsen, Jone Kuven og Kjetil Osablod Grønvigh spelte Stevie Wonders "Superstition". (Foto: KML)
Hans Marius Johnsen, Jone Kuven og Kjetil Osablod Grønvigh spelte Stevie Wonders "Superstition". (Foto: KML)
Fredrik Dahle Kristiansen framførte sin eigen låt. (Foto: KML)
Fredrik Dahle Kristiansen framførte sin eigen låt. (Foto: KML)
Fredrik kom ikkje unna å skriva autografen på veggen i musikkbingen. (Foto: KML)
Fredrik kom ikkje unna å skriva autografen på veggen i musikkbingen. (Foto: KML)
1 av 7

I samband med Osmessa og Nore Neset dagane i helga var det duka for opninga av Osbygda sin tredje musikkbinge. Etter ein lang prosess, som starta for 1,5 år sidan, har no musikkglade unge ein egen plass å vera.

– Eg er kjempenøgd! seier Susan Askvik frå Nore Neset Grendalag, som fekk æra av å klippa over piggtråden og erklæra musikkbinga for opna.

Ho fortel at grunnen til at ho ønskte ein musikkbinge på Nore Neset var alle dei flinke og musikalske ungdomane ho har blitt kjent med.

– Ikkje alle liker fotball eller annan sport og no har dei fått eit alternativ.

Susan håper bingen vil bli brukt heile tida av alle som har lyst.

Fekk intimkonsert

– Det er Os Rockeklubb som skal drifta bingen, som blir utstyrt med ein kodelås som vil bli utdelt til dei som vil bruka den.

På opninga var det tid for ein liten intimkonsert med tre ulike lokale artistar.

Det unge bandet Granateple, som består av fem 8. klassingar frå Nore Neset, var først ut med låta "Love me again" av John Newman.

– Det er gøy og veldig tøft at vi har fått oss musikkbinge, synest dei.

Hans Marius Johnsen hadde med seg Kjetil Osablod Grønvigh på trommer og Jone Kuven på bass og "funka" opp stemninga med Stevie Wonders "Superstition".

– Musikkbingen har betydd alt

Siste artist var ein som verkeleg veit kva ein musikkbinge kan ha å seia for ungdomen. Fredrik Dahle Kristiansen, som no ventar på sin tur i semifinalane i Idol, starta å spela i bingen på Søfteland.

– Det har betydd alt for meg, seier han.

– Eg song ikkje foran andre, og i bingen hadde eg ein plass aleine der eg kunne utfalda meg.

Fredrik speler definitivt ikkje berre for seg sjølv lenger og publikum på Nore Neset fekk høyra hans eigenkomponerte song framført for første gong.

Under opninga drog Grønvigh fram Fredrik som eit kroneksempel på kva ein slik binge kan få fram.

– Eg har sett kva som er mogleg og eg håper mange får stor glede av denne musikkbingen framover.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.