Lokal | 11. feb. 2013

Kloster-alm i bakken

I dag starta arbeidet med å fella almen rundt Lyse Kloster ruinane. Det blir i periodar korte stopp i trafikken forbi klosteret nokre dagar.

Kloster-alm i bakken
Tre nummer 3 av 10 går i bakken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 11. feb. 2013 14:23

Bildeserie:

Sigurd Sondre leiar trefellingsarbeidet.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Sigurd Sondre leiar trefellingsarbeidet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Med grunneigar Georg von Erpecom som vitne.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Med grunneigar Georg von Erpecom som vitne. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Rett retning er viktigare enn nokosinne når verdifulle ruinar er nærmaste nabo.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Rett retning er viktigare enn nokosinne når verdifulle ruinar er nærmaste nabo. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I bakken med eit brak.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
I bakken med eit brak. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Desse trea skal stå igjen.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Desse trea skal stå igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Botanikar Tor Tønsberg frå UiB tar med prøvar frå kvart tre.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Botanikar Tor Tønsberg frå UiB tar med prøvar frå kvart tre. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Heming Hagen og Torbjørn Melle frå Byantikvaren.  (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Heming Hagen og Torbjørn Melle frå Byantikvaren. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Jarl Haug frå Vestlandske Heiltremøblar har kjøpt alme-emna. (Foto: KVB)
Jarl Haug frå Vestlandske Heiltremøblar har kjøpt alme-emna. (Foto: KVB)
1 av 8

– Det er ingen spesielle utfordringar, dette har vi gjort før, seier Sigurd Sondre, som er leigd inn til å fella 10 store almtre rundt Lyse Kloster ruinane.

Georg von Erpecom, frå familien som er grunneigar på Lyse Kloster hovudgard, var sjølv på staden med eige kamera då dei første trea gjekk i bakken.

– Eg kjem ikkje til å sakna dei. Dei er gamle og er farlege sånn dei står, seier han, og fortel om ei tjukk grein som gjekk rett i bakken, utan at det var kraftig vind.

– Du kan jo tenkja deg om det var ei av greinene over ruinane eller parkeringsplassen, både folk, ruinar og bilar kunne blitt skadd.

Dirigering til og med onsdag

Trefellinga starta i dag og held fram nokre dagar til, truleg til og med onsdag.

I mellomtida er det dirigering på plassen, noko redusert møteplass på parkeringsplassen ved ruinane, og i periodar korte stopp i trafikken.

Ti av trea skal fellast, nokre få skal stå igjen.

Sjeldan lav

Folk frå Riksantikvaren, som betalar for trefellinga, og frå Universitetet i Bergen, var også på staden i dag.

– Eg tar med prøvar frå kvart tre og merker av kvart tre på GPS, fortel Tor Tøsnberg frå UiB.

Han er botanikar og spesielt interessert i lav som veks på trea, lav du berre finn på Lyse Kloster og éin annan stad i Noreg.

Blir møblar

Tømmeret som blir felt i dag er kjøpt av Vestlandske Heiltremøblar på Søfteland i Os.

– Alm er fantastisk fine emne til møbelproduksjon. Eg reknar med at det er nokre spikrar nedst i fleire av emna, frå skilt som har hengt på trea opp gjennom åra, men resten kan brukast, seier innehavar Jarl Haug.

Han vil laga ein eigen "kloster-serie" med møblar.

– Det blir fine innemøblar av dette, spisebord, salongbord og tv-bord, truleg også ein bardisk eller to, seier Haug.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.