Sport | 23. sep. 2012

– Klubbens første NM-gull

Amund Bjørnevik og Erling Øyasæter var suverene i junior-NM i roing!

– Klubbens første NM-gull
Amund og Erling på pallen med Os Roklubb sitt første NM-gull nokosinne. (Lesarbilde, foto: Lars Erik Jansen/Os Roklubb)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 23. sep. 2012 11:55

NM i roing går denne helga av stabelen på Årungen rostadion, og Os Roklubb stiller med 3 i junior B-klassen (16 år), to i junior A og 8 seniorar som har tatt åttaren med seg over fjellet.

I dag gjekk klassen toar utan styrmann herrer junior, og Amund Bjørnevik og Erling Øyasæter rodde inn til gull.

– Dette er ein historisk dag. Sidan oppstarten under namnet Kamp i 1924 har klubben aldri før tatt gull i NM, seier trenar Audun Hadler-Olsen.

– Dei rodde mot gode motstandarar, men var suverene, frå kvalifiseringa i dag tidleg til finalen no nettopp!

Gull og sølv i junior B

I går rodde Arne Hadler-Olsen, Mattias Haugland og Sebastian Hårvei i 16-årsklassen, som ikkje har NM, men har regattaen på Årungen som eit av fleire UM.

– Med denne ramma og NM for eldre junior er dette likevel høgdepunktet for yngre junior, seier Audun.

Arne tok sølv i singelsculler, Mattias 11. plass og Sebastian 22. plass.

Arne og Mattias rodde i tillegg 1000 meter dobbelsculler og vann denne.

Fleire finalar

I skrivande stund ror Amund og Erling firar saman med Arne og Mattias, som får ro med og mot 18-åringane.

– Dei vann kvalifiseringsheatet sitt i dag tidleg, så dette skal bli spennande, seier trenaren.

I ettermiddag ror 8 vetaranar åttar. Dei klarte også å kvalifisera seg til finale.

– Tre av tre lag i finale er knallbra for klubben. Kanskje blir det også fleire medaljar, seier Hadler-Olsen.

OPPDATERT: Det blei bronse i firar! Dette var Arne og Mattias sin debut i junior-A (18-årsklassen) og deira første NM-tittel. Midtsiden kjem tilbake med bilde og meir om firar-finalen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.