Kultur | 18. juni 2011

- Klyp meg i armen

Video: Verdspremiere på HavFest, og for ei premiere. Ståande trampeklapp og frysningar på ryggen.

Andris Hamrelørdag 18. juni 2011 22:18

Bildeserie:

bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
1 av 10
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde
bilde

Tittelen i denne saka henspeilar på ein av reaksjonane midtsiden.no fekk i pausa på Havfest.

- Er vi verkeleg i Vikjo. Det kan ikkje vera mulig, fortsatte kommentaren.

Men det var mulig, vi var i vikjo og vi opplevde noko heilt fantastisk.

Sjå klipp fra framsyninga her (videoen yter ikkje på nokon måte framsyninga rettferd, men gjev eit lite innblikk i framsyninga).

Stor scene i ei lita bygd

Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo har levert ein folkeopera som kler dei store scenen. Vi spår at dette blir den neste eksportartikkelen frå ekteparet.

Dei heile byrja litt forsiktig med Heidi åleine på scena. Etterkvart byggjer det seg opp med eit trøkk utan like.

- Det var så eg hadde lyst til å vere med å danse, var ein av kommentarane vi høyrde etter framsyninga.

Proffe amatørar

Store deler av dei medverkande er amatørar frå lokale kor og grupper i bygda. At dei er amatørar var ikkje lett å sjå etter at Glenn Erik og Heidi har fått jobba med dei gjennom våren.

Dei viste ei så stor ro og tryggleik på seg sjølv at sjølv profesjonelle kan bli misunnelege.

- Det var fantastisk. Ingen grua seg før framsyninga, alle berre gleda seg, fortel komponisten etter at han har tatt i mot ståande applaus frå nær 500 tilskodarar.

- Det er nesten for mykje. Det er ein draum som har gått i oppfyllelse, smilar Haugland.

Lokal produksjon

Med ekteparet Haugland/Tronsmo bak musikk og tekstar. Andreas Lekven og Jostein Torsvik bak lys og lyd og ein stor gruppe lokale skodespelarar/sangarar kan vi med rette seie at kulturlivet blomstrar i Os.

Alt satt som ei skot. Lyden bar bra, diksjonen var topp, alt stemte. Vi bøyer oss i støvet.

- Eg visste du var god, med ikkje at du var så god, helsa Åsmund Lien Glenn Erik Haugland etter framsyninga. Midtsiden.no sluttar seg til det.

Gled dykk dei av dykk som har fått billettar. Dette er verdt å få med seg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.